Kva med barna mine?

“Kven vil sørgja føre barna mine dersom eg døyr?” spør ein lege som behandlar Ebola-sjuke pasientar i det kriseramma Vest-Afrika. Han er ein av mange helsearbeidarar som kvar dag risikerer sitt eige liv for å gje helsehjelp til Ebolasmitta pasientar. Minst 120 helsearbeidarar er allereie døde, og i går bestemte WHO seg for å stenga eit laboratorium for Ebola-testing og trekka ut alt sitt personell.

Meir enn 1400 omkomne er registrerte av WHO så langt. Men etter alt og døme er det reelle talet mykje høgare. Legen fortel at det mest sannsynleg er svært mange smitta personar som aldri kjem i kontakt med helsevesenet og dermed kjem med i dei offisielle tala på døde.

Legen, som ikkje vil ha namnet sitt på trykk av frykt for at myndigheitene vil oppfatta sjølv ei nøktern skildring av situasjonen som kritikk, slår fast at det lokale helsevesenet ikkje er i stand til å handtera og stansa epidemien. Det trengst ein storstilt internasjonal innsats.

I Vest-Afrika finst det berre éin lege per 100 000 innbyggarar. Dei manglar kvalifisert personell og ustyr. Draktene som Leger uten grenser nyttar i møte med Ebolasmitta personar kostar 500 kroner per stykk og kan berre brukast éin gong. Ein internasjonal hjelpeorganisasjon kan bæra dei kostnadene, men eit nasjonalt helsevesen som allereie manglar heilt grunnleggande utstyr og medisinar, kan neppe skaffa slikt utstyr til sine tilsette.

Sidan der ikkje er nokon kur, held mange smitta og sjuke seg heime hjå familien sin. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at dersom ein først skal døy, så vil ein heller døy heime hjå sine eigne og gravleggast i høve til tradisjonane, enn å døy på isolat, langt frå dei ein er glad i. Problemet er sjølvsagt at dei smitta dermed utsett familiane sine for smitte. Dei smitta må isolerast dersom ein skal kunne stansa epidemien. Dessutan er det sannsynleg at kyndig medisinsk støttebehandling aukar sjansane for å overleva.

Frykt, rykter og feilinformasjon om smitte og behandling og ikkje minst dei tradisjonelle gravferdstradisjonane der folk har nær kontakt med dei døde, gjer det svært vanskeleg å stoppa epidemien. Som New England Journal of Medisin melder: det er vanskeleg å erstatta frykt og rykter med fakta, sjølv i eit rikt land med ein høgd utdanna befolkning.

I følge New England Journal of Medicine er fattigdom årsaken til at Ebolautbrotet i Vest-Afrika har blitt så alvorleg og er så vanskeleg å nedkjempa. Dei hardast ramma landa, Guinea, Sierra Leone og Liberia er blant dei fattigaste i verden. Dei har dessutan vore ramma av langvarig krig og konflikt i nær fortid. I tillegg til at Ebolaviruset er dødeleg, har utbrotet enorme sosiale konsekvensar. Universitet og skular er stengde, kapitalsterke utlendingar forlet landet, transportrestriksjonar og karanter gjer at livsnødvendig utstyr og naudhjelp ikkje kjem fram og barn står igjen utan forsørgjarar og omsorgspersonar.

Heldigvis er den internasjonale innsatsen noko betra den siste tida. Det gjev håp for at ein kan stansa epidemien. Men med fattigdom, frykt og eit dysfunksjonelt helsesystem, så kan ein ikkje rekna med ein snarleg stopp.

Heilt til slutt går ikkje an å la vera å nemna at norske media mest utelukkande skriv om kor vidt Ebolaepidemien kan koma til Europa og Noreg eller ikkje. Som kjend er nærleik eit minst like viktig journalistisk kriterium som alvor, men det finst då heldigvis nyheitskjelder med redaksjonar langt frå Vest-Afrika som likevel produserer meir informativt og mindre sjølvsentrerte og navlebeskuande artiklar om denne internasjonale katastrofen.

Kjelder:

  • Privat korrespondanse
  • Perspektivartikkel publisert i New England Journal of Medicine den 20 august 2014, skrive av Margaret Chan.
  • Time Magazine

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content