Steigen. Utsikt Brennvika

Med nordvendt hjarte

For oss som har eit nordvendt hjarte er det berre å stake ut kompasskursen og reisa mot nord, brukar min venn Katrine å seia. Og no er det det eg gjer! Eg har pakka sakene mine, køyrer nordover og flyttar til Steigen. Eg skal ut på mitt nordnorske eventyr, og no kan alt skje!

Dette kjem eg til å sakna:

  • Venane mine
  • Spennande førestillingar, seminar og møter om alt mogleg
  • Operaen
  • Pils på pub
  • Klatreverket
  • Buntar med frisk koriander frå sjappa på hjørnet

Dette kjem eg ikkje til å sakna:

  • At sofaen ristar når leddbussane dundrar forbi i Trondheimsveien
  • At ein må køyra i minst fire timar for å koma seg på snaufjellet
  • Stress og konkurransementalitet
  • Alt for varme somrar
  • Leiligheit utan utsikt og terrasse

Det er med skrekkblanda fryd at eg reiser frå alle vener og kjente, leiligheita og kulturlivet i Oslo til fordel for nye menneske, ny jobb og natur- og bygdeliv i Steigen. Likevel, dette blir heilt rett. Dersom Steigen er staden for meg er det berre å bli til evig tid. Dersom det er heilt ok for ei stund er det berre å flytta heim igjen til Oslo om eit års tid. Dersom det blir skikkeleg kjipt, så veit eg at det uansett var heilt rett å prøva. Elles hadde eg kome til å angra resten av livet.

Eg budde i Nord-Noreg fram til eg byrja på skulen. På Skjervøy i Nord-Troms. Eg kom aldri heilt over at me flytta derifrå, og kjenner meg framleis heime blant alpine fjell som strekk seg rett opp frå havet og temperaturar som stort sett gjer seg best kledd i ullskjorte. No kan eg ikkje lengre bli verande i Oslo og lengta nordover. Når sjansen byr seg er det berre til å hoppa i det og ta det som det kjem (Å ta det som det kjem er eg ikkje særleg god på. Nøye pro aut contra, planlegging og uroa seg over korleis det skal gå, er meir meg. Men ein øver så lenge ein lever…).

Med denne store endringa i livet nyttar eg høve til å oppretta nettside og blogg. Planen er å kommentera samfunnsdebatten og skriva litt om politikk, verden og livet, frå utposten der nord. Det blir både personleg og politisk; som kjent er det personlege politisk. Så dersom du til dømes er interessert i innvandring, likestilling, velferdsstat, friluftsliv, eller kjenner meg så godt at du kan vera aldri så lite interessert i korleis det går med livet i Steigen, så er det berre å følgja med på bloggen.

 

3 thoughts on “Med nordvendt hjarte”

  1. Hilde Fiva Buzungu

    Skal følge spent med på bloggen din – og håper du får tid til å fortsatt fordype deg i viktige og komplekse tema som svært få andre jobber med, slik du har gjort til nå. Skitt fiske!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content