List

Når det skal kuttast i offentlege utgifter er det åleineforsørgjarar som skal ta støyten, meiner regjeringa. Og det gjeld ikkje berre denne regjeringa.

I 2011 skreiv Liv Syltevik, Anne Hege Strand og eg sjølv kronikken “Skal åleinemødrene redda velferdsstaten?”. Då hadde den raudgrøne regjeringa nett føreslått kutt i overgangsstønaden til åleineforsørgjarar. Med regjeringas forslag til statsbudsjett er kronikken aktuell igjen.

I 2010 fekk 23.087 personar overgangsstønad og dei fleste mottakarane er kvinner. Dagens ordning gjev opp til 12.607 kroner pr. månad, dersom ein er åleine med omsorga for barn under tre år. Overgangsstønaden er dermed eit dårleg alternativ for kvinner som har moglegheit til å vera i lønnsarbeid med eit anstendig lønnsnivå.

Ein Fafo-rapport viser at dei som tidlegare har motteke overgangsstønad var sysselsett i større grad enn andre kvinner med same alder, utdanning og bustad. Det tyder at ordninga er i tråd med arbeidslinja – overgangsstønaden får folk i arbeid og gjev dei moglegheita til å forsørgja seg sjølv.

Kutt i stønadene vil ikkje utan vidare få folk over i jobb. Alternativet kan like gjerne bli inntektstap og fattigdom. Innafor den norske velferdsmodellen har det å hindra fattigdom blant åleineforsørgjarar og deira barn vore ein viktig politisk målsetjing.

Dette er noko Noreg langt på veg har lukkast med. Komparative undersøkingar viser at skilsmisse ofte fører europeiske kvinner ut i fattigdom, og at dei taper økonomisk samanlikna med sine eks-menn. Dette er faktisk ikkje tilfelle i Noreg, viser doktorgradsarbeidet til Anne Hege Strand ved UiB. Ifølgje analysane til Strand spelar velferdsstatlege overføringar ei sentral rolle i å dempa dei negative økonomiske konsekvensane skilsmisse har for kvinner i Noreg.

Dersom den blåblå regjeringa ønskjer å få fleire i arbeid er det dermed ein ganske dårleg ide å kutta i overgangsstønaden til åleineforeldre. Likevel vil regjeringa kutta overgangsstønaden frå tre til eitt år.

Heile poenget med overgangsstønaden er at personar med eineforsørgjaransvar for små barn skal kunne ha råd til å ta seg utdanning. Tre år er ikkje særleg mykje. Det hell i beste fall til ein bachelorgrad. Eitt års utdanning gjev i dei fleste tilfelle ingen kvalifikasjonar å slå i bordet med når ein skal få seg jobb.

Ein sannsynleg konsekvens av eit slikt kutt er at færre kjem i jobb, ikkje fleire. Og så veit me at dette, og mange andre smålege og ufornuftige kutt som regjeringa går inn for, skal finanisera festen for dei som har mest frå før.

Åleineforsørgjarstønaden vart i si tid innført for å redda kvinner frå ekteskap dei ikkje ønskja og frå fattigdom etter skilsmisse. Dette har ein langt på veg lukkast med i Noreg.

“Men er det no vorte slik at det er åleinemødrene som må ta i eit tak for å redda den norske velferdsstaten?” spurde me i 2011. I år kan det passa å reformulera spørsmålet: Er det vorte slik at åleineforsørgjarane skal redda millionærane og arvingane frå den grusomme formueskatten og arveavgifta?

Kronikken stod på trykk i Bergens Tidene og ein lengre versjon vart publisert av bloggkollektivet Maddam.

Illustrasjonsbilete: Mum on the steps av Emiliano. Tilgjengeleg under CC BY-NC-SA 2.0.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]