Med skarv på menyen

På ein blogg som denne må det vera rom for ei matspalte innimellom. Denne veka har det vore skarv på menyen, og det syns eg det var verd å skriva heim om.

  • 1 1/2 skarvebryst (kan erstattast med sel eller kval)
  • 1 rødbet
  • 1/4 sellerirot
  • 10 gulrøter (hels økologiske og sjølvplukka)
  • Frisk ingefær
  • Lime
  • Creme Fraiche
  • Brokkoli (eller annan grøn grønsak)
  • Salt og peppar

Sett ovenen på 200 grader. Skrell rødbet og skjer han i skiver. Skrell og skjer sellerirota i skriver. Skrell og kutt opp gulrøtene og sett dei på kok. Rense brokkoli. Strø salt og peppar på skarvebrysta og steik dei i ca 12 minutt i ovnen etter at dei er lett bruna i ei panne. Steik rødbetane i panna. Når gulrøtene er kokte, slå av vatnet, tilsett riven ingefær, nokre spiseskjeier creme fraiche, salt og til slutt litt limesaft. Steik eller smørdampa sellerirota. Etter at skarvebrysta har steikt i 12 minutt skal dei kvile omlag like lenge. Kok brokkolien lett i salta vatn, slik at timinga blir perfekt (helst). Legg det heile fint opp på tallerkane, og servera det heile med ein raudvin som passer til skarv. Høyr med dei på polet.

Det mest kompliserte punktet i denne oppskrifta er sjølvsagt å skaffa til veie den skarven. Det føregjekk omlag på denne måten:

Maria, Steigens store friluftsdotter, inviterte på skarvejakt ein onsdag ettermiddag. Me peisa ut på eit skjær i solnedgangen i Maria sin finfine motorbåt.

IMG_5517

Etter å ha fortøyd båten i ein stein gjekk me opp på hylla der skarven brukar sova om natta. Der sat me så stille som mus då skarven kom flygande for å leggja seg.

IMG_5525

Så var det berre å plaffa laus. Ganske mange hagleskot seinare var me tilbake i båten for å plukka opp den daude skarven som låg og flaut i havet.

IMG_5543

Mykje meir moro enn å vera på leirduebane, og omlag like effektiv skytetrening.

IMG_5547

Leave a comment

Your email address will not be published.