Om jakt og sjølvforakt

Eg innrømmer det. Eg er ei sånn kvinne som ofte stiller alt for høge krav til meg sjølv (er det flink pike-syndrom dei kallar det?). Og når dei strenge krava er stilt, og eg ikkje innfrir, så køyrer eg på på med sjølvforakt.

Det blir sjeldan særleg god stemning eller gode prestasjonar av sånt, men eg gjer det for det. Sjølvplaging er trass alt ein sport eg kunne gjort det stort i. (Det er mogleg det berre er eg som held på på denne måten, men så er det heller inga hemmelegheit at eg til tider er litt for koko for mitt eigen beste).

Jakt er ein av dei situasjonane som gjerne framkallar urealistisk høge krav og ein tilhøyrande dose sjølvforakt. (Eg er litt usikker på kvifor, men eg trur det har med å gjera at eg nokre gonger kjenner det som om eg ber heile kvinneskehetens ære på mine skuldrar. At eg heile tida må bevisa at mangelen på kuk ikkje i seg sjølv gjer meg 100 prosent udugeleg. Men, det er ei anna soge).

Eg tok jegerprøven då eg var seksten og har vore på småviltjakt så godt som ein gong i året i snitt, sidan eg var omlag 18. Det er kanskje ikkje veldig mykje, men eg er ingen nybyrjar heller og har traska rundt på fjellet med børsa mi i ein god del timar alt i alt.

Eg har ein liten haug med smådyr på samvitet. Rypene har eg stort sett skote når dei står på bakken (dei gode jegrane vil ha det til at ståande fugl gjev hundre prosent treff, men det er no ikkje mi erfaring). Ryper som flyg har eg stort sett ikkje vore i nærleiken av å treffa.

Mang ein sjanse har vore det min jaktkamerat Katrine brukar kalla ein “fyttikattasjanse”. Det vil seia ein sabla god sjanse, der du blir ståande med børsa i hendene og seia til deg sjølv: “fytti katta for ein sjanse!” medan rypa flyr alt ho vinn ut av skuddhald.

Den første jaktturen i Steigen baud på mange fyttikatta-sjansar. Eg vart surare og surarer og meir og meir forbanna på meg sjølv. At det er mogleg å vera så udugeleg! Gå her med denne børsa og ikkje ein gong få ho opp når fuglen lettar! Etter alle dei jaktturane! Er det mogleg! Dust!

Det vart ingen særleg triveleg tur. Mangelen på utbytte er no ein ting, men bått gass sjølvforakt i time etter time, det blir eg ikkje særleg glad av. På veg heim måtte eg ta eit lite oppgjer med meg sjølv: “Helga”, sa eg til meg sjølv, “viss du skal halda på på denne måten, så får du beint fram slutta og gå på jakt”.

Og eg hadde heilt rett. Dersom ein skal ha ein hobby som ein driv på med litt inni mellom og ikkje øver særleg mykje på, og som ein så hatar seg sjølv for å ikkje vera veldig god i, då har ein det gåande.

Neste gong høve baud seg hadde eg forståeleg nok ikkje særleg lyst til å gå på jakt. Men eg gjorde ein avtale med meg sjølv. No var det to enkle målsettingar for turen: 1) Få opp børsa når fuglen lettar, same kva avstand han er på. 2) Ha ein fin tur.

Som sagt så gjort. Då første rypa letta på kjempefint hold (ein kjempesjanse!), løfta eg børsa opp til kinnet i ein veldig fart. Eg trur ikkje eg fyrte av skotet, men eg fekk opp børsa. Bra jobba! Slik heldt det fram den dagen. Eg bomma og bomma på den eine kanonsjansen etter den andre. Men det var moro, for det var mykje fugl og sjå og børsa, ho fekk eg lagt til kinnet kvar einaste gong.

På veg heim kunne eg konkludera med at turen hadde vore ein suksess: Begge målsettingane var oppnådd. Eg var strålande nøgd med innsatsen, og ikkje minst var eg veldig nøgd med at eg var i stand til å vera nøgd med meg sjølv.

Neste jakttur var strategien mykje den same. Lista skulle ligga lågt. Få opp børsa. Ha ein fin tur. Då eg hadde gått i ein liten time flaug det opp ein fugl rett framføre meg i ein bekkedal. På refleks var børsa oppe, eg følgde fuglen med løpet då han dreide mot venstre og så: BANG! Der datt fuglen daud mot marka.

Hurra! Bra Eggebø! kauka eg høgd til meg sjølv og klappa meg sjølv, bokstaveleg talt, på skuldra. Der hadde eg skote mi første rype i flukt på ordentleg, og gjort alt sånn som det skal gjerast.

Eg trur moralen er omlag sånn: Med passe låge forventningar og ei oppmuntrande innstilling til meg sjølv, så får eg til mykje meir enn med sjølvforakt. Og ikkje minst har eg det mykje betre. Lurt.

One comment

Leave a comment

Your email address will not be published.