Morgongryet

Då eg vakna den laurdagen var det stilt i huset og eg var åleine i senga. Eg vakna av at mørket hadde endra nyanse; sola nærma seg horisonten, og himmelen over fjella hadde skifta farge frå svart til djup blå. Rommet var ryddig og sengetøyet reint. Eg kunne ha sove vidare, men kjende meg ikkje trøytt. Derfor tassa eg opp trappa og sette på ein kopp kaffi.

Medan kaffitraktaren først dura og så bobla i det vatnet vart pressa opp glaskolben og inn i røyra mot kaffifilteret, tenkte eg på kor stilt det var i huset. Eg skulle gjerne drukke kaffi i lag med ein vaksen eg var glad i, og nytt lyden av morgonfriske ungar som leikar, tenkte eg. Eit drag av sorg over det som ikkje vart blafra gjennom rommet.

Eg helte den varme, duftande kaffien over i ein kopp og gjekk ned igjen i senga. No hadde himmelen over fjella fått ein ny nyanse av blå i retning av turkis. Venus sende dei kraftige strålene sine inn vindauga og ned mot meg og kaffikoppen. Med nasen over den dampande mørke drikken hadde eg utsikt over fjella i søraust i det eine vindauget, og Børvasstindan rett sørover i det andre vindauget.

Med lukta av bærtørka kaffi kom også ei djup kjensle av å ha det godt. Ja, kanskje ønskte eg meg ein annan morgon dersom eg skulle vald frå øvste hylle. Men eg hadde det ikkje vondt. Eg sette pris på kaffien, roa, utsikta og morgongryet. Tenk at eg kunne sitja slik i mi eiga seng, under det reine varme dynetrekket og berre sjå på at det vart lyst.

Himmelen i søraust hadde fått ein sterk, lysande guloransj farge over fjellrekka. I forgrunnen strekte den nakne ospa seg mot himmelen, og kontrasten mellom den gule himmelen og den svarte silutten av nakne greiner var så skarp, så skarp. Svart og gult, og det gule gjekk gradvis over i blå himmel og farga himmelen grøn på vegen. Regnbogespekteret over fjella i morgongryet.

Eg let tankane flyta, litt i den retninga og litt i den retninga før eg samla meg om det eg såg. Venus. Tenk at eg kunne sjå både havet, fjella, odden, trea og ei stjerne høgt på himmelen frå mi eiga seng. Mi eiga himmelseng! Så underleg vakkert det var denne morgonen.

Eg nippa til kaffien. Ja, det går faktisk an å ønskja seg meir av ein morgon. Det hadde eg akkurat gjort. Men det gjekk også an å ha ein god morgon. Ein vakker morgon. Ein stille morgon. Ein morgon i lys og fargar. Det var berre tanken på tapt kjernefamilieidyll som skugga for ein perfekt morgon. Men morgonen berre var der likevel, akkurat som den skulle. Alt var som det var. Eg gledde meg over ein time med tid til å sjå på at lyset skifter over landsskapet og i rommet rundt meg.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content