Songen

“Det var så godt å synga i dag!”  

Han hadde vore i kyrkja med skulen denne siste dagen før jul. Han heldt handa hennar og liksom dansa lett i snøen på veg heimover.  

“Kva songar song de då?” spurde ho. 

“Eg hugsar ikkje”, svarte han like nøgd. 

Ho byrja på eit par julesongar: 

“Fager er jordi, herleg er Guds himmel. Glade jul, heilage jul!” 

“Ja, den!” 

“Det var så godt å synga. Som om songen løyste opp den sinte klumpen i brystet. Den vart ikkje heilt borte, men den vart liksom til mindre bitar”. 

“Det er fint å synga. Særleg i lag,” sa ho. 

“Songen var som bølgjer. Sånn!” sa han og gjorde ei bølgjande rørsle med handa i lufta. 

Songen bølgjer inn i hjarta og løyser opp harde klumpar i brystet, og dei blir mindre og mindre. Akkurat slik, tenkte ho. 

Ho gøymde alt dette i hjartet sitt og grunna på det. 

Photo by Jon Flobrant on Unsplash

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content