Morgonsider

Eg skriv om morgonen. Før eg byrjar med den akademiske skrivinga på jobb, varmar eg opp med «morgonsider». Eg skriv i ei skrivebok, tre sider for hand med fyllepenn og løkkeskrift. Ofte er eit gyllent og dust stearinlys einaste lyskjelde, eller morgonlyset i sør, alt etter årstida her i nord. Det einaste eg gjer før morgonsidene er å gå på do og brygga ein kopp kaffi. Dusj, frukost, telefonen og yoga får venta til etterpå.

Innhaldet i skrivinga er ikkje viktig. Det kjem det som kjem. Kanskje skriv eg om ein draum eg framleis hugsar, ei liste over noko eg må hugsa eller eit par setningar om ting eg likar. Ofte er teksten i ein slags dagboksjanger, det vil seia ting eg har gjort og tenkt. Andre gonger skriv eg ned indre dialogar med eit von om å få dei ut av hovudet og ned på papiret. Eg skriv også om lukta av stearinlyset, smaken av kaffi og lyset over fjella i sør. Eller om den fjollete plastdinosauren som stod på kjøkkenbenken ein morgon.

Morgonsider fungerer best når eg er åleine i huset, og det er eg jo ein god del av tida. Då er det fint å ha ein rutine å vakna opp til. Eg har eit fast møte med skriveboka, kaffikoppen, fyllepennen og meg sjølv, og det er skikkeleg triveleg selskap å stå opp til.

Julia Cameron er kjend for å ha funne på dette med morgonsider. Sjølv har eg lært det på Ida Jacksons kreative skrivekurs. Eg starta med denne rutinen den vinteren skilsmisseprosessen starta. Morgonsidene – eller i praksis kveldssidene – var noko å halda tak i. No er skrivinga blitt ein vane.

Eg har funne fram igjen løkkeskrifta og kjøpt meg ein fyllepenn. Eg likar så godt kjensla av pennesplitten over papiret og skrapelyden som høyrer til. Eg hadde gløymd kor godt eg likar den kjensla, og kor vakkert det kan vera med det blå blekket som slynger seg over papiret. Det er ei eiga flyt i tankane når dei får strøyma sakte ned på papiret gjennom handa, i same tempo som handa i staden for å rasa av garde i veldig fart.

Eg hadde nesten gløymd alle dei tusenvis av sidene med notat på norsk, fransk og spansk som eg har skrive med fyllepenn – om alle moglege slags tema – i løp av tida mi som elev og student. Eg kjem aldri til å gløyma kor godt eg hugsa det pensumet eg studerte med privatundervisning på Cuba etter metoden avskrift. Læraren, ein eldre mann som kunne enormt mykje latinamerikansk historie, skreiv historia og me skreiv av. Språk og historie sette seg i handa, i hovudet og i kroppen.

Morgonsider er oppvarming. Det er litt som «De la sonorité» – den klassiske kromatiske skalaen som eg i si tid spelte kvar einaste dag på fløyta. Oppvarming dreier seg ikkje om innhaldet, det skal ikkje vera «bra» eller «vakkert» eller kreativt. Det handlar om å vekka kroppen og sansane mjukt og varsamt opp gjennom vante rørsler. Kvar dag, gong på gong, alltid dette først.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content