Torsketungetaco

Eg hadde vore uinspirert og lei av å laga middag ei stund. Det var ingenting eg hadde lyst på og ungane ønskte seg berre sånt som ikkje er ordentleg mat for mamma. Pannekaker. Ein kunne like godt hatt vaflar til middag. Taco av typen norsk taco à la 90-tallet. Eller fiskebollar i kvitsaus med potet og råkost, som er greit nok men ikkje akkurat eit kulinarisk høgdepunkt.

Torsdag kveld og fredag føremiddaget hadde middagsproblemet svirra i bakhovudet. Men saka løyste seg då eg entra Bofisk, den lokale fiskebutikken. Skreisesongen hadde starta og disken bugna av torskeskjever, rogn, lever, torskekjakar og sist men ikkje minst: torsketunger!

Torsketunger er rein råvare for 200 kroner kiloen. Ingen bein, ingen skjell og ingen reinsking trengst. Tunger er nydelege, reinskorne, kjøtfulle, møre striper av fiskemuskel pakka inn i eit delikat lag med mjukt, lyst og litt geleaktig feitt (fullstendig fritt for alt som kunne minna om transmak).

I Lofotsesongen i fjor åt eg torsketunger i tide og utide. Ungane fekk bestemma tilbehøret og fiskekaker som mogleg alternativ. Eg vart aldri lei av å steika ny runde med tunger og servera saman med det eg elles måtte ha av poteter eller grønsaker i kjøleskapet. Mot slutten av sesongen kjøpte eg eit par kilo råvare, porsjonerte og la i frysaren og koste meg med dette lange etter skreisesongen var over.

For eit par år sidan prøvde eg meg på soyasausmarinerte torsketunger, og torsketunger attåt wok. Det funka veldig bra begge delar. Men denne råvaren skulle kunne passa bra til mykje meir enn sprøsteiking eller soyasaus. Eg har leita litt på nett og funne ulike variantar av sprøsteiking og tilbehør. I tillegg til dei tradisjonelle panerte torsketungene med kokte poteter og raspa gulrot kom eg over frityrsteikte og ymse versjonar av tilbehør til panert fisk som remulade, tartarsaus, chilimajones og så bortetter.

Eg har eit prosjekt for denne veka: Å testa kor mange dagar på rad eg kan eta torsketunger før eg har meir lyst på noko anna. Det har i alle fall ikkje skjedd endå, og no har eg hatt steikte torsketunger med ymse tilbehør fredag, laurdag, søndag, restar til lunsj i dag (måndag) og sist men ikkje minst ein eksepsjonelt god torsketungetaco til middag i dag.

Sist eg prata med Anne snakka med om syltelabbar og ho delte ei oppskrift frå boka “Odd bits” og fortalte meg alt om dagens syltelabbprosjekt. Då eg hadde formulert torsketungeprosjektet for meg sjølv ringte eg sporenstraks til Anne for å prata om tunger og høyra kva ho trudde denne råvaren kunne brukast til. Tipset ho kom på i løpet av samtalen var å prøva ein versjon av Baja Fish Tacos.

Eg hadde ikkje tenkt meg på butikken igjen denne dagen, men slumpa til å ha dei fleste ingrediensane – eller eit godt nok alternativ – i huset.

Rødkålsalat med koriander

  • Finsnitta raudkål
  • Eplesidereddik
  • Koriander (eg hadde finhakka koriander frå den lokale åkeren på Fenes i frysaren)
  • Salt
  • Raudlauk (hadde ikkje lauk i huset, så det vart uten)

Chilimajones

  • Majones
  • Lime (eg hadde sitron)
  • Kvitlauk
  • Srirachasaus (dette skulle vera hermetisk chipotle i tomatsaus, men det er neppe mogleg å få tak i her i Bodø)
  • Røkt paprikakrydder

Torsketunger panert i øl

  • Mjøl
  • Salt
  • Pepar
  • Øl

Retten gjekk ganske fort å laga. Eg blanda saman kålsalaten og let det stå og godgjera seg medan eg blanda majonesen. Deretter piska eg ølrøra, delte torsketungene i to på langs og dyppa dei i røra. Eg har ikkje frityrgryte, men det fungerte superfint med 1 cm matolje i jernpanne. Hell i uhell hadde eg ikkje tacolefser i huset, men i frysaren fann eg mamma sine heimelaga Rogalandslefser (usmurde). Desse tok eg rett opp av frysaren, blauta i varmt vatn under springen og la mellom klede. Då tungene var ferdigsteikte var det andre klart også.

Torsketungene var ekstremt sprø og saftige. Kålsalaten og majonesen passa utmerket til. Dei knasande feite tungene og den knasande friske salaten utfylte kvarandre. Mamma sine lefser er veldig mykje mjukare og meir smakfulle enn det industriproduktet ein kallar tacolefser (og som heilt sikkert er eit heilt ok alterantiv dersom det er det du har tilgjengeleg).

Dersom eg ikkje har lyst på torsketunger i morgon er det ikkje fordi eg er lei, men har forspiste meg på torsketungetaco i dag. Eg er så mett! Eg er så nøgd! Eg er så inspirert! Gje meg 100 måtar å laga torsketunger på!

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content