Ord for dagen

Då eg gjekk på folkehøgskule i Alta starta me dagen med fellessamling og ord for dagen. Ettersom det er ein kristen folkehøgskule, var ord for dagen ei morgonandakt.

Eg hugsar at eg kjente behov for å skapa litt avstand mellom meg og bibelversa. Eg meldte meg ut av statskyrkja då eg var tenåring. Men eg gjorde ikkje noko nummer ut av avstandsbehovet. Det var lenge sidan eg hadde slutta med misjonerande ateisme.

Når dei mest inderlege ungdommane frå bibelskular rundt om i landet var på besøk og tala, let eg tankane fly og høyrde ikkje heilt etter. Eg tenkte på korleis det hadde kjendest å vera 19 år og ha skjøna det heile.

Kor godt det er når kroppen ikkje gjer vondt, når ein ikkje har smerter eller plager av noko slag!

Mange av morgonane var ord for dagen meir inspirert av naturen enn av Bibelen. Kjærleik til naturen var ein fellesnemnar på skulen; me var der for å vera ute, sova under nordlyset, sjå vintersola frå ein fjelltopp, fanga ryper på vidda og samtala om livet rundt evigvarande leirbål.

Å samlast til eit ord for dagen mellom dei rimfrosne telta var ein fin måte å starta dagen på. Alle i ein ring, alle kan sjå alle og alle er ein del av gruppa. Kvar sin tur til dela noko av seg sjølv med dei andre. Eg hugsar ikkje særleg av kva som vart sagt desse morgonane, men eg hugsar kjensla av å lytta og kjenna etter der me stod i lag i ringen. Ein pause og ei ro før dagen for alvor var i gang. Men eit ord for dagen hugsar eg faktisk: Ein av klassekameratane mine snakka om kor godt det er når kroppen ikkje gjer vondt, når ein ikkje har smerter eller plager av noko slag og kroppen berre er ein god stad å vera og byr på all verdas fridom til å røra seg, oppdaga, vandra og leva. Me kjenner vanlegvis ikkje etter før det er noko som plagar oss. Derfor ville ho kjenna etter i dag. Kjenna etter kor godt det er å vera i kroppen, og vera takksam for det.

Foto: Cirkum Polare 2008.

2 thoughts on “Ord for dagen”

  1. Dette skal jeg legge meg på minnet! Nok en god måte å styrke takknemlighetsfølelsen på!

  2. Apropos takksemd. Eg var på foreldresamtale i dag. Og då vart eg sittande og kjenna på takksemd over at eg fekk stadfesta at det ikkje er nokon grunn til å uroa seg over ungen, at det ikkje er trøbbel. Livet kjem sikkert til å by på nok av bekymringar for ungane, men akkurat no: ingenting. Vidunderleg.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content