Parkeringsplassar så langt auga kan sjå

Me bur på Mørkved, som er ein stor og tett befolka bydel i den veksande småbyen Bodø. Her står einebustadene tett og me har alle tilbod me treng i kvardagen innanfor ein radius på 1,5 km. Barnehage, universitetet, matvarebutikk, Andelslandbruket på Fenes og friområdet på Mørkvedodden.

Berre eit steinkast unna byggefeltet ligg dessutan Plantasjen, Jysk, bensinstasjon, Jula og Hunstadsenteret som perler på ei snor. Det ville vore ei overdriving å seia at er noko me treng i kvardagen, men dei ligg no her og me tek turen innom når me har bruk for noko frå tid til annan.

Ettersom alt ligg så nært er det ikkje naudsynt å ta bilen til nokon av desse stadene. Slik er det også for veldig mange andre. Me har fått oss ei flott sykkelvogn med plass til både Magnus, matvarer og litt anna forskjellig. Sykkelen er utrusta med piggdekk for vinteren, så det skulle ikkje vera noko verdsproblem å sykla. Berre å kle seg godt og ha lykter som blenker både på sykkel og vogn.

I løp av denne hausten som nærsyklist, eller barnevogntrillande småbarnsmor full av klimaangst har eg møtt såpass mange hindringar i infrastrukturen at eg over tid har bygd opp eit aldri så lite raseri retta mot denne den endelause vilja til å prioritera privatbilisme på bekostning av oss ikkje-forurensande og folkehelsefremjande trafikantar. La meg koma med nokre døme:

  • Gangbrua over riksvegen er ei hovudferdselsåre i området. Alle dei av oss som tek tog, buss, går, trillar barnevogn eller ferdes i rullestol på Mørkved nyttar denne brua. Men om vinteren blir ho ikkje brøyta. Sykkelvegane på begge sider blir fint brøyta, men den korte strekninga over brua, som er bindeleddet mellom sykkelstiane, busstoppa, husa og butikkane, blir til tider beint fram uoverkommeleg. Dei som brøyter legg i tillegg igjen ein brøytekant som blokkerer tilgangen til brua, og gjer det svært krevjande å koma seg fram på hjul.
  • Sykkelvegen som går like forbi Studentongan barnehage har inga innkøyring til barnehagen. Kjem ein på sykkelstien med barn i sykkelvogn må ein velja eitt av to alternativ: 1) Kryssa grøfta mellom sykkelstien og parkeringsplassen eller 2) vrenga sykkelen inn på vegen i det du er i ferd med å kryssa fotgjengarovergangen, leggja seg inn i vegbanen og deretter ta første til høgre inn på den enorme parkeringsplassen for privatbilar som er kjemisk fri for sykkelparkering.
  • Fortaua i vegen vår så vel som vegen inn mot barnehagen har enorme fortauskantar som ein må hompa seg opp og ned av kvar tiande meter eller så. Ikkje særleg behageleg for poden i sykkevogna. Alternativet er å nytta vegbanen, for der er ingen gang og sykkelsti her.
  • Jula, Jysk og Plantasjen har inga sykkelparkering. Der er heller ikkje fotgjengarovergang mellom fortauet og sentra. Der er ikkje noko merka felt for syklistar og gåande som kjem til butikken. Dersom du kjem til fots med vogn eller på sykkel, så møter du ein infrastruktur som fortel deg at du burde teke bilen dersom du ville koma deg nokolunde trygt og greitt fram til døra.
  • Eurospar har sykkelparkering. Der er plass til 2 1/2 sykkel utan sykkelvogn bak. Men der finst inga oppmerka innkøyring for syklistar og gåande. Det er der heller ikkje utføre nokon av dei andre butikkane i nærområdet, og bilane har teke signalet på alvor og tek ikkje særleg omsyn til at syklistar og gåande ikkje har andre stader å gå enn på parkeringsplassen.
  • Der er endelaust mykje parkering for privatbilar på Mørkved. Der er plass til ei enorm mengde privatbilar utføre kvar einaste kjøpesenter, og dei er det mange av. Det verste er Nord Universitetet. Der er fleire enorme parkeringsplassar med gratis parkering. Det er berre dersom du vil parkera rett framføre hovudinngangen at du må betala ein liten sum for å stå der. Sykkelgarasje derimot, er der ikkje på denne store arbeidsplassen 9 km frå sentrum. Barnehagen til Magnus har heller ikkje sykkelparkering.

Misforstå meg rett. Det er ikkje eit stort problem å sykla på Mørkved. Eg brukar ikkje lengre tid på å sykla på jobb via barnehagen samanlikna med kva eg ville ha gjort med bil. Der er ingen fornuftig grunn til å ta bilen. Det er berre det at all infrastrukturen skrik mot deg at privatbilisme er norma og at dei som har planlagd det heile gjev fullstendig blanke i at nokon av oss ikkje har bil, ikkje ønskjer å køyra bil eller er avhengige av hjul for å koma oss fram.

Her ein dag eg trødde oppover bakken til gangbrua og møtte på brøytekanten som sperrer sykkelvegen vart eg så forbanna at eg fantaserte om å kjøpa meg balltre, ha klart i sykkelvogna og spretta fram og knusa panseret til den neste uforsiktige billisten som ikkje tek omsyn. Berre smadra heile greia og sykla derifrå.

For å bøta på dårleg humør og mismot kan du lesa denne gladsaka om parkeringsavgift og tilrettelegging for sykkel på Universitetet i Tromsø.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content