List

På måndag hadde Magnus og eg ein super ettermiddagsaktivitet: Me sykla til Fenes for å hausta av markens grøde. Berre ti minutts sykkeltur unna byggefeltet ligg Bodø Andelslandbruk som me er blitt medlemmar av.

IMG_7376

På vegen syklar me forbi gravemaskinar, eit bringebærkratt, eit jorde med kyr og opp til fleire traktorar. Høgdepunktet er hestane som beiter på jordet like ved åkeren.

IMG_1164

Kvar einaste veke sidan midten av juli har me fått ei hausteliste tilsendt på e-post, og så kan me henta vår del kva tid me vil den veka. Åkeren bugnar av så mykje forskjellig: salat, squash, sukkererter, poteter, gulrøter, friske urter, blomar, brokkoli, blomkål, bondebønner, bladbete, fennikel, raudbete – berre for å nemna noko av alt det som finst.

IMG_7354

No utover hausten er det mykje kål: spisskål, grønkål, red russian, svartkål, kvitkål, raudkål og rosenkål. Grønnkål har som kjent vore hipt og kult i eit par år no, men frå gamalt av har dette faktisk vore ein mykje brukt grønnsak i Nord-Noreg, har eg blitt fortald. Grønnkålen kan du hausta til langt utover hausten og han tåler til og med frost.

IMG_7355

Sesongens grønnsaker sett ei fin ramme for kva ein skal laga til middag. Kreativiteten blømer når der er nokre fastlagde ingrediensar som må brukast. Denne veka var det heilt opplagt fårikål på menyen ettersom årets lam var å få kjøpt i butikken og me nett hadde skore av eit fint kålhovud. Seinare i veka blir det wok med fennikel, gulrot, brokkoli, lauk, sukkererter og raudkål.

IMG_7366

Det er dessutan ganske kjekt å visa ungen at maten veks i jorda og dessutan få god hjelp av 1-åringen til å putte poteter i bøtta. Medan eg sankar urter dreg han rundt på ei vannkanne eller traskar rundt mellom radene av grønnsaker medan han snakkar for seg sjølv. Til slutt må me sjølvsagt bort til hesten og servera ei sprukken gulrot eller spandera ei nypotet. “No må me gå heim. Du må seia hade til hesten”, seier eg. “Nei”, svarer ungen og ville nok helst stått der og mata hesten i timesvis.

IMG_7232

Eg må vel innrømma at det ikkje berre er Steigen som er idyllisk.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]