Påskeeksperimentet

Onsdag i stille veke 2024 hadde eg ikkje ein einaste plan eller konkret avtale for påska. Eg hadde takka nei til påskeekspedisjon, sjølv om eg hadde barnefri og tilbod om turfølgje av ypperste kvalitet. Eg hadde ingen flybillettar, eg hadde ikkje spadd ut bilen etter siste snøfall, eg hadde ikkje laga påskemeny eller invitert folk på middagsbesøk. Eg hadde absolutt ingen planar.

Heile livet har eg hatt planar. Helgeplanar, ferieplanar, jobbplanar, ettermiddagsmøter og kvardagsavtalar. Som ungdom, student og ung vaksen hadde eg tett program: Studie, ungdomsorganisasjonar, fjellturar, pub, trening, vener og så bortetter.

Kalenderen var særleg tettpakka den tida eg budde i Oslo. Eg måtte gjerne sjå tre fire veker fram i kalenderen for å klemma inn tid til ein “spontan” kopp kaffi med ein gamal ven.

Etter Cirkum Polare ved Alta Folkehøgskule nytta eg kvar ein ferie til nye ekspedisjonar. Vintertelttur i mørketida, Svalbard i påska, Børgefjell ein sommar og mange andre fantastiske turar.

Då eg flytta frå Oslo til Steigen la eg færre planar langt fram i tid. Bygdelivet har ein rolegare rytme enn hamsterhjulet i hovudstaden. Men eg fekk det fort travelt i Steigen også. Travelt med å gå på alle dei flotte fjella, utforska landsskapet, få nye vener, padla, gå på ski og driva matauk. Eg tok føre meg.

Småbarnslivet krev meir fleksibilitet i planane, men også under dei omstenda likar eg å finna på ting. Nærturar med ein stor flokk vaksne og barn, med bål, ostesmørbrød, kake, meis, bøtte og spade er eit kaos er god stemning, men det let seg ikkje gjennomføra utan ein plan.

Dei siste åra har eg vore nøydd til å læra meg noko nytt: Å gå helgene i møte utan så mange planar, ha lågare ambisjonar for ettermiddagane, liggja meir på sofaen, vera meir heime. Det har vore utfordrande å øva på. Uplanlagd tid, heime åleine for meg sjølv har fyllt meg med stor uro.

Men etter knallhard trening hadde eg fått meir sansen for konseptet. Mangel på planar fylte meg ikkje med like mykje uro lenger. Heile vinteren hadde kroppen kviskra til meg at han ville ha meir roleg åleinetid utan ansvar, krav, plikter, planar eller ambisjonar. Derfor utsette eg all planlegging og venta på vaskeekte lyst til å leggja ein plan. Den lysta dukka aldri opp.

Det var med tvisyn og tvil eg hadde planlagd planlaus påske. Korleis skulle dette gå? Kvifor kunne eg ikkje spa opp motivasjon til å kjøpa flybillett og planleggja ekspedisjon når dette alltid har vore dei beste påskeferiane? Kvifor nytta eg ikkje høve til langtur når eg hadde fri utan ungar? Kva om det vart strålande vintervêr på fjellet medan eg sat heime og kopa i byen?

Kva om eg kjende meg einsam? Kva om eg sakna ungane og lengta etter å prata med andre menneske? Kva om eg var trist i påska i staden for å vera glad på fjellet med gode vener? Kva om eg vart uroleg, rastlaus, trøytt, kjeda meg og mistrivdest i mitt eige selskap?

Det fekk det berre stå til. Heile livet har eg hatt planar, ambisjonar og vore i aktivitet. Denne påska var det tid for å gjera noko anna. Eg skulle på eit nytt eventyr og stod fritt til å fortelja nye historier om kven eg er og kva eg likar. Kva lyster, kjensler og overraskingar kunne koma boblande opp frå djupet når eg hadde fem blanke dagar framføre meg?

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content