Føda åleine

No er det fire år sidan koronapandemien fekk dei ansvarlege her i landet til å stenga ned butikken, avlysa alt, innføra forbod mot å kryssa kommunegrensene og gå på besøk. Berre ei veke før nedstenginga var eit faktum hugsar eg at folk spøkte og lo av det heile i lunsjen på jobb.

Eg syns ikkje det var løye. Eg var redd for å føda åleine. Eg var gravid og det var fire veker til termin. Då eg gjekk ut i permisjon rakk eg ein hårklipp og ein skitur før eg måtte henta treåringen i barnehagen. “Me sjåast når me sjåast”, sa eg til dei tilsette og tok med alle kleda og teikningane heim.

Kvar kveld sjekka eg dei stigande smittetala og las informasjonen på nettsida til sjukehuset. «Ring før du kjem», skreiv fødeavdelinga. «Partnar får ikkje vera med dersom hen har symptom på luftvegsinfeksjon». Min partnar låg strekk ut i kjellaren med ein eller annan barnesjukdom og det var om lag ti dagar til termin. Tenk om eg måtte føda åleine?

Men forkjøla partnar var likevel eit mindre skremmande scenario enn å få påvist korona sjølv før fødselen. Dei kunne ikkje nekta oss fødande hjelp, men fødsel på isolat med nervøse jordmødrer i smitteverndrakter var eit skremmande bilete.

Fødsel med helsepersonell i oransje romdrakter ville bli ei absurd oppleving. Skremmande og einsamt. Eg var redd for å kjenna meg åleine, vera åleine.

Eg måtte slutta å sjekka smittetala, slutta og sjå nyhende, høyra på radio lesa nettaviser. Eg kikka innom informasjonssidene til fødeavdelinga frå tid til annan, det var det einaste. Eg var redd nok som det var, hadde ikkje bruk for å fyra opp under uroa.

Var det farleg for barnet dersom mora fekk viruset? Det var ikkje så mykje som tyda på det, men ingen visste noko sikkert om koronaviruset. Var det farleg for nyfødde å bli smitta?

Om dagane tok eg meg av ungen åleine. I teorien hadde eg permisjon, men barnehagen var stengd og sambuaren låg sjuk på gjesterommet. Frå 0500 til 1900 er mange timar. Kvar einaste dag stod vind, sludd og regn på frå sørvest.

Før eldstebarnet vart fødd hadde eg gått skiturar og laga fiskekaker medan eg venta. No laga eg snømann, bål og ostesmørbrød i vind og sludd. Åleine med barnet i blæsten.

Me kunne halde oss inne, men eg kunne ikkje vera inne heile døgnet med eit samanhengande gnål om å byggja med lego. Heller ostesmørbrød i sludd enn lego. Heller frosen fjære enn å sitja på leiketeppet frå 0500 til 1900. For eg var åleine med ungen, ungen var åleine med meg og det var ingen pause å få.

2 thoughts on “Føda åleine”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content