Skrivemotstand

Sjølv om eg likar å skriva kjenner eg likevel motstand mot å gå laus på skrivejobben. Når eg set meg ned på kontorpulten ein morgon kjenner eg at det klør i armane, eg er tung i fingrane og handledda, eg greier ikkje sitja i ro og kroppen er fylt med intens motvilje. Eg har ikkje lyst til å opna dokumentet med starten på ein ny vitskapeleg artikkel.

Når eg kjenner på intens skrivemotstand er eg ekspert på å finna andre ting eg berre må få gjort først: Rydda kontorpulten for å gje meg ei kjensle av orden og blanke ark. Sjekka om det er kome viktige beskjedar frå skulen eller barnehagen. Stikka innom Facebook for å sjå om nokon har delt blogginnlegget eg la ut i går. 20 minutt yoga for at kroppen og tankane skal falla til ro. Rydda unna dei e-postane som hastar mest. Få kontroll på dei intervjuavtalane eg har på blokka.

Eg har lyst til å publisera, men ikkje skriva. Eg har lyst til å tenkja geniale tankar, men ikkje streva. Eg har lyst til å vera i god form, men ikkje trena. Eg har lyst på skriveflyt, men ikkje lyst til å setja i gang. Eg har lyst til å redigera, ikkje produsera tekst.

Kor kjem denne sterke motstanden i kroppen frå? Kva er det som ligg bak motstanden? Kva er det som av og til gjer meg handlingslamma i møte med dei skriveprosjekta eg arbeider med?

Nokre gonger er eg rett og slett sliten i hovudet og kroppen. Det er tomt for igangsettingsenergi og sjølvdisiplin. Kroppen vil ha pause og kvile. Motstanden er motstand mot å jobba meir, yta meir, produsera meir, gjera meir, halda det gåande. Då er det pause og kvile som kan få motstanden til å løysa seg opp sakte men sikkert.

Andre gongar ligg det ubehagelege kjensler på lur i tekstarbeidet. Eg er redd for å ikkje få til det eg prøver på, redd for å ikkje bli ferdig i tide, redd for å bli avslørt, redd for å ikkje vera flink nok, redd for å feila, redd for å kasta vekk tida mi. Av og til, når eg høyrer godt etter, kan eg høyra ei indre stemme som tek motet ifrå meg:

Dette greier du ikkje. Du har kanskje skrive artiklar før, men akkurat denne kjem du ikkje til å få til. Kva er det teoretiske bidraget ditt? Dette er heilt poenglaust. Du kastar vekk tida di. Du kjem aldri til å få dette i mål. Det er ingen som vil publisera dette. Kva er liksom planen din? Du har ikkje peiling, har du vel? Den dødlinja rekk du aldri. Du har jo nesten inga framdrift. Du er ikkje flink nok til dette. Ikkje tru at du kan det berre fordi du har gjort det før. Du er ein juksemakar og ein flopp. Du kjem til å bli avslørt før eller seinare.

Det er ikkje freistande å setja seg ned med skriving som er poenglaus, ein tekst som ikkje bidreg med noko og arbeid som er bortkasta tid. Det er ikkje alltid eg er medviten om desse indre stemmane, men bodskapen set seg i kroppen i form av motstand.

Andre gonger er eg berre lei av å vera ein produktiv og velfungerande arbeidstakar og forelder som ryddar, held orden, gjer jobben min, trener, går på foreldremøte, arrangerer barnebursdag, følgjer opp lekser og realiserer meg sjølv med gjennom tur og kultur. Eg er lei av faktureringskrav, normalarbeidsdag og av å seia ja: «Klart det. Klart eg skal bidra. Klart eg skal prøva. Klart eg skal gjera mitt beste». Eg er lei av å vera imøtekommande, konstruktiv og positiv. Eg er lei, lei, lei. Eg har ikkje lyst til å skriva på bokprosjekt. Eg har ikkje lyst til å skriva på artikkelprosjekt. Kroppen vil ikkje. Hovudet vil ikkje. Hendene vil ikkje. Eg er lei av å skriva på tastatur, kjenner det i hendene. Motstanden i fingrane som ikkje vil dansa lett over tastaturet. Dei er seige og tunge, og hendene er slitne og tunge. Eg vil ikkje. Har ikkje lyst. Eg vil berre liggja i sola og gjera ingenting. Drikka litt kaffi og mysa mot sola.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content