Påskestæmning

Dei siste tre-fire vintrane har Eli, Katrine og eg vore til saman meir enn 30 vinterteltdøgn på tur i lag. Me går ikkje nødvendigvis så enormt lange etappar, køyrer ikkje styggbratt på ski og har ikkje gått over Grønland. Det har me ikkje lyst til. Det viktige er å vera ute, og vera i lag igjen.

IMG_6569

I år som i fjor gjekk kvardagslivet sin vante og ganske stressande gang heil fram til avreise. Heldigvis har me gjort dette såpass mange gonger at det ikkje krev all verdas planlegging. Me kopierer utstyrsliste og meny frå førre tur, gjer nokre små oppgraderingar i menyen og fordeler fellesutstyret, bestemmer turområde og bestiller eit kart, og tørker turmat på kvar vår kant.

IMG_6422

I år hadde me bestemt oss for å reisa til Skjomen, eit nydeleg fjellområde sør for Narvik. Den dagen me køyrde av garde, kvar frå sitt, var det meldt 18 sekundmeter vind. Det uro oss ikkje det spøtt. For det første er det alltid dårleg vêr når me skal avgarde på tur, og for det andre var det på ingen måte naudsynt å gå opp på snaufjellet nett den kvelden. Vindmålaren på Skjomenbrua viste 30 m/s, men som me seier i Steigen: “Det går bærre godt!”

IMG_6503

Det viste seg at det låg ei lita Statsskoghytte like ved enden av vegen, så då kunne me overnatta der i påvente av mindre vind, fann me ut. Det var berre det at ein måtte ha ein kode for å få opna nøkkelboksen til den hytta. Etter litt surfing på 3G-nettet og litt ringing til diverse grunneigarlag fann me ut at det var “ho Ellen” som hadde den koden. Men Ellen hadde ikkje på mobilen, så då var me like langt.

Rådlause brukar heldigvis ikkje denne gjengen å vera, så me køyrde ned i bygda og banka på på eit tilfeldig hus for å spør om dei visste noko om denne koden. Også her kunne dei melda at det var ho Ellen ein måtte snakka med. Når ho Ellen ikkje var å få tak i, så ringte husbonden Geir, bror til Ellen, og jammen var ikkje Ellen der på besøk hjå Geir!

IMG_6502

Dermed fekk me altså tak i koden, redda to danske skituristar utan kode frå overnatting i friluft og fekk oss ein kosekveld på hytte i skogen, i kulingen. Ikkje dårleg start på turen det! Og om enn ein dag eller to forsinka, så kom me oss opp på fjellet til slutt. Den ettermiddagen vart det til og med sol og påskestemning i teltleiren.

IMG_6514

Tradisjonen tru vart det lite sikt, lite sol og heller meir snø i løp av den veka me var på tur. Men ettersom det var lite vind, kan ein ikkje påstå at det var direkte stygt vêr heller. Det fungerer heilt topp å trekka pulk i dalen, sjølv om det sjølvsagt ikkje hadde gjort noko å få sett litt av dei fjella me var i blant.

IMG_6531

Det fungerer ikkje like bra å stå på nedoverski i dårleg sikt. For dei som ikkje har prøvd å stå på ski i såkalla “flatt lys”, kan eg melda at det kan vera direkte utfordrande berre å merka om du har fart eller står i ro, kva som er nedover og kva som er sidelengs i bakken, og ikkje minst om der er ein snøskavl rett framføre deg, eller om bakken berre flatar fint ut. Men ein og annan sving med meir eller mindre konturar vart det no på oss!

IMG_6558

Det aller finaste med å vera på telttur igjen er å få vera i lag, prata om livet, fisa og knisa, le godt av våre eigne (vulgære) vitsar og påfunn, og kjenna at livet er enkelt med innarbeidde teltrutinar og utan blogg, twitter, e-post, mobiltelefon og alt det der….

IMG_6590

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content