Masker og motstand

Det me i dag kaller åpne homofile eksisterte knapt nok i Noreg før 1970. Men det fanst likevel kvinner og menn  som elska og hadde sex med personar av same kjønn, utan at dette nødvendigvis førte til skandale og sosiale sanksjonar. Hans Wiggo Kristiansen fortel historiane deira i boka “Masker og motstand”.

Då Kristiansen starta forskingsprosjektet om likekjønnspar i Noreg før 1970, venta han å møta mange tunge og triste skjebnar. Det har vore vanleg å tru at homofile på denne tida var undertrykte, levde skjult og vart utsette for massive sosiale sanksjonar, og at liva deira var særleg vanskelege viss dei budde på bygda.

Men desse mytane og forventningane viste seg å ikkje stemma med røynda. Kristiansen oppdaga at mange levde levde rike og spennande liv i lag med ein partnar av same kjønn, både på landsbygda og i byane.

Det var ikkje uvanleg at både menn og kvinner på bygdene hadde kjærleiksrelasjonar og sexuelle relasjonar med personar av same kjønn. Sjølv om det var uvanleg at to menn budde i lag, fann han fleire døme på hushald som bestod av to kvinner som hadde eit forhold.

Det var gjerne allment kjent blant sambygdingar at dei var eit par, utan at dette vart skandalisert eller sanksjonert. Dei kunne vera godt vera vel ansette medlemmar av bygdesamfunnet. “Det vart ikkje gjort noko nummer ut av det”, vart det sagt av sambygdingar.

Kristiansen skildrar handteringsstrategiane som “diskresjon”. Det at folk levde i likekjønnsrelasjonar var gjerne ein “0pen løyndom”. Det vart ikkje snakka høgt om, men det vart snakka om og var allment kjent. Eit slør av tvityd trygga desse parrelasjonane. Bygda oppviste ein slags “praktisk toleranse”.

Mykje tyder på at dei tette sosiale relasjonane også trygga para mot skandalisering. I dei tilfella der det vart skandale og sosiale sanksjonar, var det snakk om personar som kom frå byane eller frå andre distrikt, og som hadde sex med andre, gjerne yngre, menn. Kristiansen finn ingen døme på sambygdingar utsette likekjønnspar for slik skandalisering.

Med denne velskrivne “page-turneren” av ei historiebok, problematiserer Kristiansen den moderne frigjeringsfortellinga der tida før 1970 vert sett på som grusomt undertrykkande. Det var ikkje nødvendigvis slik, sjølv om ein ikkje levde “opent” på same måte som mange gjer i dag.

Kristiansen skildrar korleis openheita som homorørsla slåss for på 1970-talet ikkje var utelukkande positiv for alle. For eldre homofile menn vart kravet om openheit opplevd som moraliserande og ekskluderande. Nokon levde godt med diskresjonen og ønskja ikkje nødvendigvis vera open på den måten ein no kjempa for at alle skulle vera.

Eg vil absolutt tilrå Masker og motstand som påskelektyre! Ingenting er som å lesa historiar om menneskeliv, og samstundes læra noko nytt om historia og samfunnet.

Illustrasjonsfoto: Loggers, 1907, Seattle Municipal Archives, CC BY 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content