Permisjon i Sjåvika

Ungen søv i mine armar
vinden blæs gjennom utette karmar
det er stille i stua mi.

Tenk, eit heilt nytt menneske i verda!
Og eg får vera med på ferda
Så magisk livet er.

Eg vandrar ved havet med ungen i sele
Jorda er endå frosen av tele,
men vintersola varmar litt.

I bryjinga går eg med korte skritt,
en kroppen kjem seg litt etter litt.
Det verkar i underlivet.

Dei snødekte fjella er som ein mur
Må vera landets finaste trilletur!
her på Åborneset.

Eg har vandra langt på gruslagde veiar
og vandra avgarde i Steigens heiar.
Ute er det så stilt

Ungen søv berre når vogna triller.
Eg snubler trøytt i kvite filler
fulle av melk og gulp.

På brystet tyter ein melkeflekk
Oppvask og klesvask er alt eg rekk
Eg drikker kaffien kald.

Eg syng gjennom kvar ein barnesang.
Slik kling tonane dagen lang.
Her er barnet og eg og musikken.

Nokon av dagane er så lange.
Eg tel ned timane – ganske mange!
til han andre kjem heim ifrå jobben.

Får eg tjue minutt til å lesa avisa,
og til og med tid til å spisa
Då ber eg ikkje om meir!

Ungen har lærd seg å smila
Tenk, i dag fekk eg sova og kvila!
To dråpar av lukke på same dag.

Når ungen klukkar og ler så godt,
er det ikkje tvil om at me har det flott
heime i permisjon.

Babyar deltek ikkje i den offentlege debatten
Eg lytter til gårsdagens dagsnytt 18
og lengtar tilbake i jobb.

Ungen har oppdaga sine tær
Me byttar snart på rollane her
No skal gutane kosa seg heime!

Eg er glad for permisjonen me får
Utan slik er det tronge kår,
men det er litt einsamt i grunn!

Tekst og foto: Helga Eggebø

 

 

 

 

 

 

 

1 thought on “Permisjon i Sjåvika”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content