List

Søndag sparka Dagsrevyen i gang ein ny runde med ammedebatt. Kvifor vil ikkje norske kvinner amme, spør Dagsrevyen. Kvifor blir dei sendt heim frå sjukehuset før dei har kome i gang med amminga, spør helsesystrene. Alle må amme meir og fedrekvota har skulda! roper Gro Nylander. Etter ein svært lite opplyst debatt såg eg meg nøydd til å gjera faktasjekken sjølv. Eg deler resultatet.

Det offisielle rådet for norske myndigheiter er at barn bør få morsmelk og berre morsmelk sitt første halve leveår – gjerne omtalt som fullamming i 6 månader.

Men statistikken viser at svært få – berre 7-10 % – følgjer dette rådet til punkt og prikke. Men betyr det at norske barn blir flaska opp på morsmelkserstatning? Nei, på ingen måte.

Berre 1-1,5 % av spedbarna i Noreg har aldri blitt amma. Heile 82 % blir framleis amma når dei er 6 månader. Nesten halvparten blir amma til dei er 1 år. Men dei fleste får gradvis anna mat i tillegg frå dei er om lag 4 månader. Spørsmålet er om det er eit problem.

I følgje Ingrid Kristin Torsvik si doktorgradsavhandling om temaet, er det snarare ein god ting. Ho har gått grundig gjennom internasjonal ammeforsking og myndigheitene sine ammeråd, og konkluderer med at tilrådinga om fullamming i 6 månader bør endrast. Dette er grunnen:

Det er godt dokumentert at amming har mange positive helseeffektar. Ungar som blir amma får mellom anna færre infeksjonar, mindre allergi og diabetes og er mindre overvektige. For kvinner kan amming beskytta mot til dømes brystkreft og eggstokkreft. Men i mange av desse studia skil ein ikkje mellom amming og fullamming. Dei dokumenterte positive effektane gjeld altså også for barn som får mat i tillegg.

Dessutan viser forskinga at lang fullamming, utan anna næring, faktisk også kan ha nokon uheldige konsekvensar. Ei britisk studie viser at morsmelk i snitt inneheld noko mindre næring enn det eit barn på 6 månader treng. Både svenske og norske studie tyder på at barn har auka sjans for å få glutenallergi dersom dei ikkje blir introdusert for gluten innan dei er 6 månader. Barn som blir fullamma lenge kan også få vitaminmangel.

Rådet frå norske myndigheitene om å fullamme i 6 månader er henta frå Verdas Helseorganisasjon (WHO). Dei har gode grunnar til å promotera amming globalt. Dei negative effektane av å ikkje amma er særleg alvorlege i låginntektsland kor mange har dårleg tilgang på reint vatn og ikkje pengar til morsmelkserstatning. Heldigvis kan ein seia – ammer kvinner i fattige land mest.

For å konkludera: Ingen grunn til panikk! Nordiske kvinner ammer meir enn i dei fleste andre industrialiserte land. Gode foreldrepengeordningar tilrettelegg for amming, og det er bra. Om lag halvpartane av spedbarna får gradvis anna mat i tillegg frå dei er omtrent 4 månader. Det er bra for vitamin- og næringsinntaket og ein praksis myndigheitene gjerne kan støtta opp under og oppmuntra til.

Les også:

Illustrasjonsbilde: my baby av Haifeez, CC BY 2.0

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]