List

I dei fleste valdtektssaker nektar ikkje tiltalte for at seksuell omgang har skjedd, men hevder det var frivillig. I dei fleste valdtektssaker blir vurderingar av truverdet til tiltalte og fornærma avgjerande for saka. I dei fleste valdtektssaker blir det ingen fellande dom. I så måte er Hemsedalsaka ei heilt typisk valdtektsak. 

Fleirtalet, som altså ikkje var stort nok til å sørgja føre fellande dom, har vurdert forklaringane og truverdet til dei tiltalte og den fornærma på denne måten:

“Etter flertallets syn framstår de tiltaltes forklaringer om at D selv ønsket og tok initiativet til gjentatte samleier med alle de tre tiltale over et lengre tidsrom som oppkonstruerte og usannsynlige. Etter flertallets syn må det derfor ses bort fra de tiltaltes forklaringer. Flertallet finner Ds forklaring om at hun ikke ønsket seksuell omgang med de tiltalte, men at hun var ute av stand til å motsette seg dette, som troverdig”.

Mindretalet – som blokkerte for domfellelse – har vurdert tiltalte og fornærma på denne måten:

“Mindretallet finner det ikke tilstrekkelig bevist at (fornærmede) opptrådte på en slik måte at de tiltalte hadde grunn til å tro at hun var ute av stand til å motsette seg de seksuelle handlingene. Fornærmede har åpenbart opptrådt aktivt i forbindelse med de seksuelle handlingene, jf. blant annet de framlagt bildene. Videre har hun vært i stand til telefonisk kontakt med andre i tidsrommet hvor de seksuelle handlingene har funnet sted. Det forhold at hun ble båret ut og inn av taxien, er etter mindretallets syn ikke tilstrekkelig for at de tiltalte skulle forstå hvilken tilstand hun var i”.

Mindretalet valde altså å tru på mennene når dei seier det skjedde frivillig og at kvinna sjølv aktivt tok initiativ til sex. Trass i vitnet som seier at ho vart båren ut av drosjen fordi ho ikkje var i stand til å gå. Trass i at ho var svært rusa på alkohol og narkotika. Trass i at ho har fått posttraumatisk stressyndrom etter overgrepa.

Mindretalet si vurdering liknar rettens vurderingar i typiske valdtektsaker. For omlag ti år sidan fekk Riksadvokaten utarbeidd ein rapport om kvaliteten på rettssystemet si handsaming av valdtektssaker. Det går fram av talmaterialet at ruspåverka offer/gjerningsmann svært ofte fører til frifinning i saka. Dersom gjerningspersonen har utnytta offerets tilstand, men ikkje brukt direkte fysisk tvang, blir sakene som regel henlagde.

Av rapporten går det fram at moralske vurderingar av offeret og hennar handlingar før overgrepet ofte står sentralt i bevisvurderinga, til dømes “en ordentlig jente blir ikke igjen slik”, og “den tøtta der visste hva hun gikk til” eller “pene piker gjør ikke sånt”. Rettens medlemmar uttrykker gjerne også stor sympati for den tiltalte, til dømes “synd å måtte dømme slike gutter” og “og så den kjekke gutten som får livet sitt ødelagt hvis han dømmes”.

Valdtektsaka i Hemsedal og dommen i Borgarting lagmannsrett er heilt spesielt fordi saka har fått så enormt med offentleg merksemd og fordi der er uvanleg mange bevis i saka. Men på mange måtar er saka likevel ei heilt typisk valdtektssak, som heilt typisk endar med frifinning.

Det er over ti år sidan Riksadvokaten sette ned ei ekspertgruppe for å finna ut kva ein skulle gjera med det påfallande låge talet på fellande dommar i valdtektsaker. Dommen i Borgarting lagmannsrett vitnar om eit rettslaust samfunn. Eg lurer på kva tid ansvarlege politikarar vil gjera noko med det.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Lady Justice Statue av vaXzine, CC BY-NC-ND 2.0.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]