Samkøyring i Steigen

La oss sleppa maset om Uber. Samkøyring – å sitta på med folk som skal same vegen – har eit kjempepotensial. Særleg i Steigen! Bli med å prøv det ut!

Her i Steigen køyrer me ein god del. Det er lange avstandar mellom bygdene og knapt nok eit kollektivtilbod i det heile. Dei av oss som har bil ender opp med å køyra ganske mange turar åleine. Dei av oss som ikkje har bil har eit problem.

Åse Refsnes og eg tek derfor initiativ til å testa ut samkøyring i Steigen. Last ned appen Carma, registrer deg og bli med! Etter ein første testrunde har me ambisjonar om eit større prosjekt.

Slik gjer du:

  1. Last ned appen på telefonen
  2. Registrer deg.
  3. Legg inn turar og tilby skyss/søk etter skyss.

Dei fleste debattar om delingsøkonomi har fokusert på Uber og deira forsøk på å driva drosjeverksemd i lovens grenseland. Men der er fleire appar som organiserer samkøyring mellom folk som skal same veg. Dei er fullt lovlege.

I Bergen til dømes, er der mange som brukar appane Hent meg og Carma. Hent meg er utvikla av Statens vegvesen. Carma er mest brukt i Bergen og har 3000 brukarar.

Åse Refsnes og eg har tidlegare skrive i AN om korleis samkøyring kan vera eit verktøy for integrering. Mange personar med flyktningbakgrunn har ikkje sertifikat og bil derfor lett sosialt isolerte, fordi det er vanskeleg å koma seg på besøk, på trening eller på eit av dei trivelege bygdearrangementa som stadig blir stelt i stand.

Samkøyring har også mange andre fordelar. Det er bra for miljøet. Sjølv om me her i Steigen ikkje er plaga med eit livsfarleg giftlokk slik dei er i Bergen, så har bilkøyring i distriktet dei same negative konsekvensane for det globale klimaet.

Samkøyring er dessutan ein finfin måte å treffa nye folk på. For ei vekes tid sidan hadde eg gleda av å bli kjent med ein svært triveleg person, etter å ha ringt ein framand som skulle same (ganske lange) vegen. Og dersom du ikkje har så lyst til å prata i bilen om morgonen, verken med gamle eller nye kjente, så ikkje dropp å tilby skyss av den grunn. Det må sjølvsagt gå an å be om at det er stilt i bilen.

Illustrasjonsbilde: Vintage Car av kayugee, CC BY-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content