List

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt erfaringar med kollektive metodar og arbeidsformer som «kollektiv kvalitativ analyse», «skrivetid» og «skriveseminar». Desse arbeidsformene fokuserer på samarbeid mellom forskarar. Men kva for metodar kan vera eigna for samarbeid mellom forskarar og offentlege verksemder?

I lag med forskarkollegar og samarbeidspartnarar i Tana og Steigen kommunar har eg utvikla ein metode eg har kalla «kvalitativ samtaleserie». Kort fortalt har det gått ut på å organisera faste samtalar mellom ein forskar og kvar og ein av dei kommunale prosjektleiarane. Samtaleserien har hatt to føremål: 1) å støtta prosjektgjennomføringa i kommunane og 2) å produsera forskingsdata. Føremålet med prosjektet er å utvikla praksisar og strukturar i helse- og omsorgstenesta som legg til rette for aktivitet og fellesskap blant eldre.

«Dette er verkeleg vegen å gå! Eg vonar du vil ta det med deg vidare i forskinga di og formidla til andre!» sa Ann Rita – prosjektleiar i Steigen – då me snakka i lag denne veka.

Samtalane har gått føre seg anna kvar eller fjerde kvar veke på telefon eller datamaskin, alt etter behova til den enkelte prosjektleiar. Dei har fortalt om utviklinga i prosjektarbeidet frå gong til gong, om alt frå hendingar og samhandling i arbeidskvardagen, til refleksjonar om organisasjonen og vurderingar av framdrift og resultat. Forskarane har lytta, stilt spørsmål, formidla kunnskap frå forskingsfeltet og skrive grundige notat frå samtalane.

Samtaleserien har pågått over fleire år og generert eit omfattande datamateriale. Dataa er som ei blanding mellom intervju og feltnotat. Dei gjev eit detaljert innblikk i innovasjonsprosessen frå start til slutt, og inneheld rike skildringar av «feltet», i dette tilfellet kommunens helse- og omsorgssektor.

Mariann Lindi – prosjektleiar i Tana – har fortalt så levande om å skapa sosiale møtestader for eldre i Tana. Dei har steikt blodpannekaker i lavvo, laga kaffibål, reist på båttur i Tanafjorden og arrangert meisterskap i lassokasting. Ho har delt kloke refleksjonar og kunnskap om helse og omsorg i ein samisk kontekst. Kvar gong me skal snakka i lag gler eg meg til å høyra meir, og det er ein motivasjonsfaktor i analyse- og skrivearbeidet.

Slik skikken er når ein møter igjen kjente, har samtalen gjerne starta med eit «korleis går det»? Me har delt litt frå livet og kvardagen og blitt kjende med kvarandre. «Eg snakkar mest oftare med deg enn med mamma!» sa eg til Ann Rita, og me måtte le.

Både forskarar og prosjektleiarar har opplevd samtalane som meiningsfylte, og me har utvikla stor tillit til kvarandre. Dette har styrka kjensla av forplikting og motivasjon i prosjektarbeidet, og lagt til rette for at dei kommunale prosjektleiarane også har teke aktivt del i analyseprosessen.

Data frå dei kvalitative samtaleseriane har me analysert i lag med andre typar kvalitative data, inkludert feltnotat, dokument og kvalitative intervju. Men ettersom mesteparten av det planlagde feltarbeidet gjekk i vasken på grunn av koronapandemien, har data frå den kvalitative samtaleserien blitt særleg sentrale i analysane.

Pandemi eller ikkje, «kvalitativ samtaleserie» er ein metode eg – slik Ann Rita har oppfordra til – tek med meg vidare i livet. Eg har tru på at metoden har verdi og relevans også når feltarbeid og intervju andlet til andlet er mogleg.

Denne teksten vart først publisert i Forskerforum 2. februar 2022, og vart deretter publisert på nett.

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]