Nytt og betre liv

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Eg skal ta litt meir pause, stirra oftare ut av vindauga. Eg skal trena litt mindre og heller sitta meir stille ute og sjå på sneglen eller havet som rører seg.

Eg skal legga meg litt tidlegare og oftare sova til eg vaknar. Eg skal liggja meir på sofaen og gjera absolutt ingenting, og gjerne ta meg ein ettermiddagsdupp i same slengen.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Eg skal jobba færre kveldstimar og heller avspasera meir ivrig. Eg skal ta ut alle ferievekene. Det er ikkje noko å spara på.

Eg skal ta fleire rolege luftepausar i sakte tempo og med termoskoppen i handa. Eg skal sjå årstidene endra seg og høyra fuglane syngja.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Eg skal reisa mindre. Halda meg heime så mykje eg kan. Eg skal halda litt færre utanbys føredrag. Eg skal ikkje melda meg på konferansar i aust og vest.

Eg skal ha ferie i eige fylke, og ha flest mogleg av arbeidsdagane på mitt eige kontor.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

Eg skal skriva dei tekstane eg har lyst til, og ikkje dei eg trur det er strategisk lurt å skriva. Eg skal skriva med tålmod, i korte etappar og gleda meg over dei få gongene flyten og iveren tek overhand.

Eg skal lesa mindre faglitteratur om kveldane, og kanskje heller lesa dikt. Eg skal også gjera ein god del meir ingenting.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Eg skal senka ambisjonsnivået og gjer litt mindre enn eg kunne koma til å få lyst til. Tida kjem og kjem. Det er ingenting som hastar.

Eg skal vera nokså lite genial, og eg skal til og med gå litt mindre på ski. I alle fall skal eg gå saktare, rolegare og meir luntande.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Eg skal fyra fleire furubål. Eg skal stira inn i flammane medan eg pirkar i glørne og teier stille. Eg skal eta nokre fleire litt brente ostesmørbrød med mykje meierismør.

Eg skal sjå litt meir på blomane som veks, og gje dei vatn i passe mengder. Eg skal så litt fleire blå kornblomar og knall oransje blomkarsar som slynger seg utover platten.

I år skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

Foto: Helga Eggebø

2 thoughts on “Nytt og betre liv”

  1. Det er et av de beste nyttårsforsett jeg har lest! Klarer Helga og jeg å følge dette, blir livet bedre, ikke bare for oss, men også omgivelsene! Godt nytt forsøk!

    Hjertelig hilsen Torill 🌟🎄✨

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content