man entering the local police office in order to apply for a renewed residence permit

Statleg sanksjonert tvangsekteskap

Nyleg presenterte Framstegspartiet eit av fjorten nye «tiltak mot æreskultur og negativ sosial kontroll». Forslaget er å krevja ei erklæring om lik rett til skilsmisse som vilkår for familieinnvandring.

Men det som ikkje har kome fram i den påfølgjande debatten er korleis norske lovar er eit hinder for lik rett til skilsmisse for familieinnvandrarar. Dei nyaste endringane i utlendingslova gjev ektefellane eit svært effektivt verktøy for sosial kontroll.

Ekteskapsinnvandrarar får eit mellombels opphaldsløyve i Noreg, og har ikkje rett til fornya løyve dersom ektefellane flyttar frå kvarandre. Dersom ein av ektefellane tek initiativ til samlivsbrot vil familieinnvandraren måtta reisa frå landet.

Skilsmisse har harde materielle konsekvensar for mange av oss: Ein eller begge partar må flytta frå den felles heimen, det er dyrt å splitta opp i to hushald og det skal samarbeidast om eventuelle barn. I Noreg har me eit rettsleg fundament, økonomiske stønadsordningar og offentlege tenester som Familievernet for å støtta opp under lik rett til skilsmisse i praksis.

Men ekteskapsinnvandrarar er i ein heilt annan rettsleg og materiell situasjon fordi dei risikerer deportasjon ved skilsmisse. Anten det er dei sjølv eller partnaren som tek initiativ til skilsmisse er konsekvensen den same: Dei må ikkje berre flytta frå hus og heim, dei må flytta frå landet.

Eit papir der ektefellane lovar «på tru og ære» at dei aksepterer den juridiske retten til skilsmisse gjer ingen skilnad: Dersom den utanlandske ektefellen reiser tilbake til landet ho kom frå, betyr erklæringa ingenting for hennar rettslege eller sosiale status. Ei slik erklæring betyr heller ingenting for ein søknad om å få bli i landet.

Med mindre ein kan og vil å leva med konsekvensane av å reisa ifrå landet ein bur i, er ein altså tvungen til å bli i ekteskapet, og tvungen til å handla slik at ein ikkje risikerer å bli forlaten av ektefellen.

Minoritetskvinnerørsla og krisesenterrørsla har i mange tiår sett fokus på at dette gjer familieinnvandra kvinner avhengige av ektefellen, og at slik strukturell underordning gjer dei svært sårbare for sosial kontroll, utnytting og vald i parforholdet.

Norske reglar er derfor eit viktig – kanskje det aller viktigaste – hinderet for lik rett til skilsmisse i praksis. Slik er situasjonen for familieinnvandrarar heilt til vedkommande har fått permanent opphaldsløyve i Noreg.

Tidlegare fekk ein permanent opphaldsløyve etter tre år. Men dei siste åra har Stortinget vedteke tre nye vilkår: 1) Bestått prøve i norsk og samfunnsfag, 2) fem års butid for flyktningar og deira ektefellar og 3) krav om 300.000 i årsinntekt.

Å hindra ektefellen i å læra seg norsk og få seg jobb vil derfor vera ei svært effektiv form for sosial kontroll, som har mykje større konsekvensar enn tidlegare. Ein familieinnvandrar som ikkje består norskprøve og får seg fulltidsarbeid – anten på grunn krenkingar frå partner eller av andre grunnar – vil vera fullstendig prisgjeve ektefellen. Slik vil situasjonen vera uansett kor mange år vedkommande har budd i Noreg.

Berre i dei tilfella der ektefellen blir utsett for mishandling «i utlendingslovens forstand» kan ein få unntak frå hovudregelen om å forlata landet ved skilsmisse og oppfylla inntekts- og språkkrav for å få permanent opphald.

Dei siste to tiåra har Stortinget vedteke ei heil rekke innstramingar i retten til familieinnvandring ved å visa til tre omsyn: For det første ønskjer ein å hindra tvangsekteskap og sosial kontroll, og for det andre vil ein fremja integrering, og for det tredje vil ein hindra at familieinnvandring blir ein belastning på velferdsbudsjetta. Ingen har gjort systematiske undersøkingar av om alle dei ulike tiltaka, som inntektskrav for familieinnvandring, 24-årsregel, intervjuordningar og inntektskrav for permanent opphald fungerer slik intensjonen var og/eller hatt andre utilsikta effektar.

Europeisk migrasjonsforsking dokumenterer at det stadig tettare nettet av vilkår gjer at færre personar får opphaldsløyve på grunn av familieinnvandring i Europa, og at fleire familiar blir tvungne til å leva i kvar sitt land.

For ektefellar som utøver sosial kontroll mot partnar er det berre å hindra hen i å læra seg norsk og få seg jobb, så har ein fullstendig kontroll over ektefellens juridisk status, kvardagsliv og framtid.

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Denne kronikken er basert på analysar frå forskingsprosjektet REMIMO og vart først publisert i Dagsavisen 4. mars 2024.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content