Ti tips og triks til triveleg vintertelting

Dei to første gongene eg overnatta i telt på vinteren var kalde, kjipe og med svært låg komfortfaktor. Sikkert nett slik dei fleste ser det føre seg: det handlar om å frysa og halda ut. Hata seg gjennom det, som dei seier i forsvaret. Men, så lærte eg eit par triks, og sidan den gong har eg hatt langt over 100 lukkelege døgn i telt på vinteren.

Den første overnattingsturen me var på på Øytun Folkehøgskole var lærerik. Då me kom fram til leirstaden var me urutinerte og dessutan slitne. Me fekk ikkje sett opp teltet ordentleg. Åt ein rask og småkald middag i ytterteltet. La oss småhutrande i soveposen og lurte på kva me skulle gjera no.

P1000516

Seinare på ettermiddag var det kaffibesøk i naboteltet. For ei openbaring å koma inn der! Ein ballsal av eit telt; duken så stram og fin som eit trommeskinn. Reinskinn dekka heile innerteltet, brennaren var inne, så det var godt og varmt, og så var det seigmenn i omløp. Er det mogleg! Tenkt at det går an å ha det sånn i teltet!

P1090361

1. Varmt og godt om natta
Punkt nummer ein er ein varm sovepose og eit godt liggeunderlag. No skal ikkje dette vera tips til alt du må kjøpa deg, men utan ein varm pose og eit liggeunderlag som isolerer godt, så blir alt kaldt og kjipt og vondt og vanskeleg. Ein er nøydd til å sova godt for at dette skal vera kjekt. Sjølv brukar eg sommarposen utanpå vinterposen no når vinterposen er blitt slitt og slapp i fisken. Mange har sånn fancy dunliggeunderlag for tida. Eg har eit isolert oppblåsbart, og så brukar eg eit lett og slitent vanleg eit i tillegg.

Svalbard  277

2. Tørre og varme klede før ein blir kald
Når du kjem fram til leiren, så ta på deg meir klede og eventuelt ei tørr ullskjorte før du byrjar å setta opp teltet. Det er eit generelt godt tips å ta på seg tørre og varme klede før ein rekk å bli skikkeleg kald.

IMG_0489

3. Setta opp teltet skikkeleg
Finn ein mest mogleg flat stad, og bruk skia til å tråkka eit område litt større enn teltet. Når du tråkkar snøen saman blir underlaget passe hardt og solid. Her sett du opp teltet. Dette hindrar at romper og knær lager hompar og dumper inne i teltet. Det går dessutan ikkje an å bruka vanlege pluggar når ein sett opp teltet i snø. I staden kan du bruka ski og stavar (eller såkalla snøpluggar). Den beste måten å gjera det på er å tre to bardunar inn på ein stav eller ei ski (kvar sin ende), og så grava skia/staven ned, liggande vatnrett i snøen. Når det får sett seg litt, kan du stramma bardunane og teltet står fjellstøtt.

Svalbard  097

4. Den sagnomsuste kuldegropa
Kuldegrop er eit klassisk triks på vintertelttur. Det er ei utbreidd myte at kuldegropa, fordi kald luft synk, får teltet til å bli varmare. Men slik er det ikkje. Derimot blir det mykje betre plass, og det er fint. Grav ut snø frå halve ytterteltet, slik at opninga til innerteltet er i knehøgde. Spar snøen på motsatt side av innerteltet; dette blir kjøkkenbenk.

DSC02203

5. Kosefyring
Produsentar av telt og bensinbrennarar åtvarer mot å bruka brennaren inne i teltet; ein kan koma til å setta fyr på ting eller dø av kullosforgiftning. Sjølv brukar eg å ha brennaren i ytterteltet, på kjøkkenbenken, når eg lagar mat. Etterpå tek eg gjerne brennaren inn i innerteltet for å “kosefyra”. Pakk ned soveposane og rydd vekk anna skrot. Ta brennaren forsiktig inn og pass heile tida på at ingen kjem borti flammen og at det er ei viss lufting i teltet. Sjølv med 20-30 kuldegrader ute kan ein då ha det varmt og godt i berre ulltrøya.

DSC02217

6. Mat
Det er ingen grunn til å eta Drytec. Det er ikkje særleg mettande, det er ikkje særleg godt og det er uforskamma dyrt. Det meste av god mat går an å laga på primus, både sommar og vinter; det treng ikkje vera særleg tungvint. Spagetti Bolognese er ein klassikar som fungerer bra. Steik kjøttdeigen heime (gjerne med løk). Ta med ein boks heime- eller ferdiglaga tomatsaus. Og så tar du med pasta. Fosskoking blir det mykje damp i teltet av. Eit triks er å koka pastaen ein stund først og så la han stå og trekka medan ein blandar og varmar saus og kjøt. Så koker ein pastaen (han må koka litt; blir det for mykje trekking smaker det mjøl) og kjøtsausen vekselvis til det heile er ferdig. På lengre vinterturar er det supert å tørka kjøt og grønnsaker på førehand, men tørking av mat er eit kapittel for seg sjølv.

DSC02151

7. Bål
Dersom det er tilgang på ved, og særleg viss det er furuved å finna, så dropp både kosefyringa og matlaging i teltet. Lag bål. Det er stas. Det går fint an å laga bra bål av litt halvsur bjørkeved, men det er litt meir arbeid. Både når det gjeld bjørk og furu, så leit etter den veden som er blitt heilt grå og ikkje har bark på. Den er tørr. Før du fyrer opp bålet, så spa ei ganske stor grop heilt ned til bakken og lag bålet der og skjer ut sofa i snøen til å sitta på rundt bålet.

IMG_5873

8. Vatn
Viss det finst ope vatn i nærleiken, så er det veldig praktisk. Det er verd å gå ei god stund etter vatn, samanlikna med den tida det tek å smelta snø. Når ein smelter snø går det mykje meir brennstoff enn på sommaren; rekna gjerne 2,5 dl bensin per person per teltdøgn. Det er fin rutine å fylla opp alle flaskene på kvelden før ein legg seg. Dessutan er det kjempefint å ha solide plastflasker som tålar kokande vatn og som har stor opning. Stor opning gjer det lettare å få vatnet frå gryta og opp i flaska utan å søla ut halvparten. Varmt vatn i flaska er verdas beste varmeflaske å ha i soveposen. Først held vatnet deg varm, og gjennom natta sørgjer kroppsvarmen og posen for at vatnet ikkje frys. Så har du ferdig kroppstemperert drikkevatn til frukost!

IMG_4050

 

9. Brennar
Gassbrennar fungerer dårleg når det er kaldt. Det finst gassboksar som er halvblanda med eit eller anna og skal fungera, men mi erfaring er at det ikkje fungerer særleg bra. Såkalla multifuelbrennarar, som gjerne kan bruka både parafin og rensa bensin, er mykje betre. Dei virkar sjølv om det er svært kaldt. Dessutan er det lettare å berekna drivstoff og færre gassboksar å dra på.

DSC_0478

10. God tid og god stemning
Det er meir arbeid å telta om vinteren. Slå derfor leir tidleg nok til at du har tid og krefter til alt som skal gjerast. Ikkje gå til du stuper, for så å setta opp teltet. På vinteren er det gjerne meir mørkt enn om sommaren. Nytta gjerne høvet til å sova mykje. Det gjer så godt med 10-12 timar i posen innimellom! Å ha tid til kosefyring, yatzy, høgtlesing, fruksuppe, seigmenn og sjokolade er svært viktig. Har nokon bursdag eller anna å feire, så ta med ballongar (må varmast litt på kroppen før det går an å blåsa dei opp) og kake med bursdagslys.

IMG_0504

 

Svalbard  202

IMG_3461

Leave a comment

Your email address will not be published.