List

Barne- og likestillingsministeren har sett ned eit nytt offentleg utval som skal undersøkja kva for likestillingsutfordringar barn og unge møter i kvardagen. Det er eit godt og viktig initiativ, som kjem på bakgrunn av forslag frå Venstre som Stortinget vedtok. 

Utvalet har fått i oppdrag å finna ut på kva måte kjønnsstereotypiar avgrensar fridomen til barn og unge, og føreslå tiltak for å gjera noko med dette. Dei skal sjå på viktige arenaar som barnehage, skule, SFO, sosiale medie og organiserte fritidsaktivitetar. I mandatet har ministeren vektlagt at utvalet skal undersøkja konsekvensane av kjønnsrollar, tradisjonelle utdannings- og yrkesval, den digitale kvardagen, og sjå særleg på likestillingsutfordringar for barn og unge med innvandrarbakgrunn.

Loveleen Rihel Brenna er leiar for utvalet og ho har fått med seg fleire dyktige forskar og personar i relevante rollar som helsesyster, lege, psykolog, studentar og elevar. Det er all grunn til å tru at dette blir ei god og viktig utgreiing som kan bidra til likestilling. Eg har tre innspel og kommentarar til utvalet og ministeren:

Det første og viktigaste eg har å melda er at mandatet, og tilsynelatande også samansetninga av utvalet, manglar eit skeiv perspektiv på kjønn, kjønnsnormer og likestilling. Så lenge ein avgrenser seg til å vurdera likestilling mellom gutar og jenter, og snakka om tradisjonelle jente- og guterollar, så utfordrar ein ikkje den rigide todelinga som er det grunnleggjande problemet her. Det er viktig at erfaringane til transbarn og barn som bryt med kjønnsnormer blir teke med og på alvor i denne utgreiinga. Det er dei av oss som ikkje passer inn i todelinga som i aller størst grad får merka kjønnsstereotypiane på kroppen i form av sanksjonar, mobbing, negative kommentarar, usynleggjering, manglande bekreftelse og forståing og i mange tilfelle utilstrekkeleg helsehjelp. Eit skeivt perspektiv og eit særskilt fokus på erfaringane til barn som bryt med kjønnsnormer er eit nødvendig utgangspunktet for å forstå korleis konservative kjønnsnormer avgrensar liva og fridomen til alle barn og unge. I mandatet står det at utvalet, der det er relevant, bør trekka inn mellom anna seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet. Og ettersom dette openbart er relevant for heile utgreiinga, som ramme for forståinga av kjønn, likestilling, og kjønnsrollar, i eksisterande forsking og nye undersøkingar og ikkje minst for utvikling av tiltak, så reknar eg med at utvalet tek dette med seg heile vegen.

Ei anna avgrensing i mandatet er at den sittande ministeren ser ut til å føya seg inn i rekka over likestillingsministrar som vil ha likestilling utan å vera nøydd til å prioritera, leggja politisk prestisje og pengar i dette: “Utvalgets foreslåtte tiltak og virkemidler må vurderes opp mot hva som er praktisk gjennomførbart og realistisk. (…) Flere av utvalgets samlede forslag skal baseres på uendret ressursbruk. å prioritera pengar og ressursar”. Manglande vilje til å satsa har dessverre vore ein raud tråd i likestillingspolitikken til skiftande regjeringar i løp av dei siste tiåra. Som eg skreiv i haust i teksten Regjeringas likestillingspolitiske ettermæle: “Kort oppsummert kan ein slå fast at regjeringa har vist mangel på gjennomføringskraft og vilje til å leggja pengar på fordet for å løysa dei store likestillingsutfordringane innanfor arbeid, utdanning, familieliv, vald og trakassering. Dei har ikkje vore villige til å leggja ei kalori eller ei krone i å satsa på ”likestilling i praksis”, som det stod i tittelen på meldinga deira”. Mandatet peiker i retning av at det også er den sittande ministeren si linje. Men her heier eg på handlekraft frå Helleland!

I 2012 leverte Likestillingsutvalet utgreiinga NOU 2012: 15 Politikk for likestilling til det dåverande Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Utgreiinga tok mellom anna føre seg tradisjonelle utdannings- og yrkesval og kjønnsstereotypiar og mangel på likestilling i barnehagen og skulen – det vil seia nett dei problemstillingane Helleland no vil greia ut på nytt. Der er openbart meir å finna ut om desse viktige problemstillingane, så denne nye utgreiinga er på ingen måte ein dårleg ide. Men, me har allereie eit kunnskapsgrunnlag og ei rekke forslag til tiltak ligg på bordet (eller er dei kanskje putta i skuffa?) frå den gongen:

  • 30 millioner til forebygging av seksuell trakassering i skulen og på fritidsarenaar
  • Programsatsing for frie utdanningsval
  • Pedagogisk satsing på likestilling i skule og barnehage
  • Ressursmiljø for å fremma likestilling i lærarutdanninga og læremidlar
  • Likestillingsstipend for utradisjonelle utdanningsval

Når ei gruppe kompetente personar no skal bruka eit heilt år på å skildra likestillingsstatus, finna ut av årsaker til ulikestilling, setta igang nye undersøkingar og arbeida grundig med tiltak, så må dei, og me andre, kunne ha tiltru til at arbeidet blir skikkeleg følgd opp av ministeren og regjeringa frå 2019 og framover.

 

Les også:

Illustrasjonsbilde: Barnehage52 av Ingunn A. Mæhlum/Senter for IKT i utdanningen, CC BY-NC2.0

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]