“Vi behandler alle likt”

“Vi behandler alle likt”, sa dei tilsette i barnehagen i forkant av eit prosjekt om likestilt pedagogikk. Men då ein heilt vanleg dag i barnehagen vart filma, vart det svært så tydeleg at ingen behandla alle likt: 

Sjå filmen her. 

Prosjektet har vore gjennomførd i ei rekke ulike barnehagar og funna var slåande.

  • Gutane fekk mykje meir merksemd enn jentene. Både positiv og negativ merksemd.
  • Dei vaksne nemnte namnet til gutane langt oftare enn til jentene, som snarare vart tittulert “du”.
  • Gutane fekk mykje meir hjelp av dei vaksne. Så mykje hjelp at ein gut som ville kle på seg sjølv streva med å snika seg unna ivrige vaksne som ville kle på han.
  • Når jentene kom om morgonen vart dei gjerne ønskte velkomne med ein kommentar om kor søte eller fine dei var.
  • Viss ein gut har fått nye klede fekk han høyra kor kul og tøff han er.
  • Når ungane leika inne, leika jentene med dukker eller perla, medan gutane var på puterommet.

Slik kann ein ikkje ha der. Det var både tilsette og foreldre samde om. Dermed starta arbeidet for å endra praksis. Og jammen fekk ein ikkje resultat av arbeidet ganske så fort:

I staden for å ønskja ungane velkomne om morgonen med ein kommentar om utsjåande, byrja dei tilsette å heller seia kor glad dei var for å sjå ungane: “Så kjekt at du er her i dag!”

Når ungane vart tekne med på tur i skogen, leika ungane i meir kjønnsblanda grupper; fleire leika med fleire og det vart meir leik på tvers av grupper.

Ein byrja lytta til både gutar og jenter. Seia namnet til alle ungane, ikkje berre gutane. Let ungane leika med det dei ønskjer, ikkje begrensa leiken gjennom forvetningar til kva gutar skal leika med og kva jenter kann leika med. Likestillingsarbeidet vart dermed ein innfallsvinkel til å jobba med betre relasjonar og betre pedagogisk arbeid i barnehagen.

Som forfattaren Kristina Henkel har sagt det: “Gi barna 100 muligheter i stedet for 2!”

Både KUN senter for kunnskap og likestilling og Likestillingssenteret gjennomfører ulike pedagogiske prosjekt for likestilling i barnehagen.

Illustrasjonsfoto: Opplæring i Bærtua barnehage av Redningsselskapet, CC BY-NC-SA 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content