Bukken og havresekken

KrF og Venstre har kjempa hardt for å få dei blå med på at utsending av dei lengevêrande asylbarna ikkje skulle gå så effektivt. Men det har dessverre ikkje politiet fått med seg.

Ein kan seia mykje om den avtalen KrF og Venstre greidde å få til, men særleg god var han ikkje. (Det har eg skrive om i eit tidlegare innlegg). Men dei fekk i alle fall pressa FrP med på at det ikkje skulle vera høgd prioritert å senda norske ungar ut av Noreg.

No viser det seg at Justisministeren ikkje har greidd å sørgja føre at politiet har fått dette med seg. Det har gått Politiets Utlendingsenhet hus forbi at dei heller skulle ha prioritert å senda andre folk ut, og vera litt mindre effektive når det gjeld dei lengevêrande ungane.

Det er i seg sjølv ganske fascinerande at Politiets Utlendingsenhet ikkje har fått med seg det mest omtalte utlendingsrettslege spørsmålet dette året. Men fordi nokon hadde gløymt å seia tydeleg ifrå til sine underliggande etatar, så har ungar blitt kasta ut i hopetal den siste tida.

Justisministeren ber om orsaking. Alt som skjer på hans felt er til sjuande og sist hans ansvar. Men det er ikkje hans feil. Det skulle ikkje ha skjedd, men han har ikkje tenkt å stansa utsendingane. Berre kanskje minna PU om at dei ikkje treng å stressa med nett det.

Det heile minner meg litt om når SV satt i regjering med AP. SV sloss knallhardt for at utlendingsmyndigheita skulle ta meir omsyn til barns beste. SV fekk pressa fram nokre formuleringa som kunne ha betydning.

Men det var AP som hadde justisministeren. Og AP var som kjend ikkje særleg interessert i ein menneskeleg asylpolitikk. Dei var mest opptekne av at ingen skulle få inntrykk av at ein berre kunne koma her og koma her, og bli i landet og så tru at ein fekk bli.

Dermed hadde dei det ikkje særleg travelt med å sørgja føre at endringane SV hadde kjempa fram vart implementerte i praksis. Kanskje snarare tvert i mot. Ein kan vedta mykje forskjellig fine politiske endringar, men dersom embedsverket held fram som før, så er det ingenting som endrar seg.

Det kan vera ein fin taktikk å seia ja og ha, og så berre ikkje vera så ivrig på implementeringa. Det resulterer i status quo.

Utan å skulda justisministeren for å sabotera samarbeidsavtalen, så kan eg tenkja meg at asylbarnas ve og vel ikkje har vore hovudprioriteringa hans.

Illustrasjonsbilde: Minneapolis protest against Arizona immigrant law SB 1070, av Fibonacci Blue, CC BY 2.0.

One comment

  1. Ingen må forsøke å fortelle meg at justisministeren ikke var fullt klar over hva som foregikk!

    Følger han ikke med i politiske debatter? Leser han ikke aviser?

    Bare tøv!

Leave a comment

Your email address will not be published.