List

Arbeiderpartiets migrasjonsutval, med Masud Gharahkhani i spissen, skal på studietur til Danmark, mellom anna, for å la seg inspirera til ny og endå strengare innvandringspolitikk. Politik melder 4. februar at danske sosialdemokratar vil avskaffa moglegheita til å søkja asyl i Danmark.

Danmark har lenge vore berømt og berykta for ei rekke reguleringar som gjer det svært vanskeleg å få familieinnvandring. 24-års aldersgrense, bankgaranti på over 50.000 kroner og det såkalla «tilknytingskravet» er blant vilkåra som fører til at mange barn blir skilt frå foreldra og at mange unge par lever i eksil i Sverige.

I januar meldte Avisen DK at den danske regjeringa vil fjerna det omstridte tilknytingskravet. «Tilknytingskravet» seier at ekteparet må ha sterkare samla tilknyting til Danmark enn til eit anna land. Dette blir vurdert etter 7 punkt:

  1. Kor lenge ektefellene har budd i Danmark til saman
  2. Om ein har familie i Danmark
  3. Om ein har mindreårige barn i Danmark
  4. Om du har gått på skule i Danmark
  5. Kor lenge du har jobba i Danmark
  6. Om du snakkar dansk
  7. Tilknyting til andre land

Denne lista har ført til at mange etnisk danske statsborgarar som har budd ein periode i utlandet, ikkje har sjans til å få ektefellen sin til Danmark. Derfor vil regjeringa endra reglane. Dei ønskjer at etnisk danske borgarar skal sleppa problema med tilknytingskravet, medan det skal bli endå vanskelegare for andre grupper.

Her er dei nye krava.  (flyktningar unntatt):

  1. Den som søkjer familieinnvandring må
    1. Kunna engelsk på eit visst nivå eller bestå prøve i Dansk 1
    2. Ha jobba eller vore sjølvstendig næringsdrivande 3 av dei siste 5 åra
    3. Ha tatt utdanning i minst ett år på eit nivå som tilsvarer dansk vidaregåande
  2. Personen ein søkjer familieinnvandring med må
    1. Ha bestått danskprøve på nivå 3
    2. Ha jobba minst 5 år i Danmark
    3. Ha studert minst 5 år i Danmark
  3. Det skal ikkje vera mogleg å få familieinnvandring for den som bur i eit såkalla utsatt buområde kor det bur mange menneske som ikkje er i arbeid.

Kort fortald. Dei som giftar seg med ein utanlandsk borgar må ha utdanning, jobb og ikkje bu i nærleiken av fattigfolk utan arbeid, og dessutan vera gift med ein person med utdanning, arbeidserfaring og språkkompetanse. Elles kan dei berre gløyma å få bu i lag i Danmark.

Illustrasjonsbilde: Masud Gharahkhani, Buskerud Arbeiderpartiet, CC BY-ND 2.0.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

februar 13th, 2018

Utan familie i eit framand land

I etterkant av flyktningkrisa i 2015 har dei fleste europeiske land innførd strenge vilkår og ei rekke barrierar for retten til familiegjenforeining. […]

februar 4th, 2018

AP ser til Danmark

Arbeiderpartiets migrasjonsutval, med Masud Gharahkhani i spissen, skal på studietur til Danmark, mellom anna, for å la seg inspirera til ny […]

januar 23rd, 2018

Vedvarande kjønnssegregering i arbeidslivet

68 prosent av kvinnene og 73 prosent av mennene i Noreg er ein del av arbeidsstyrken. Det betyr at så […]

januar 14th, 2018

10 år etter Cirkum Polare

Det er nøyaktig 10 år sidan eg første gong landa på flyplassen i Alta. Det snødde lett, det var midt […]

januar 7th, 2018

Skyhøge søknadsgebyr

Gebyra for å levera søknad om opphaldsløyve i Noreg har aukt dramatisk i det siste. Lenge kosta det rundt 3000 […]

januar 2nd, 2018

#MeToo #2017

#MeToo-kampanjen står sentralt i oppsummeringane av året 2017. Time Magazine kåra varslarane, «The Silence Breakers» til «Person of the Year 2017». […]

desember 20th, 2017

Vikeplikten

Nesten ingen bestrider at utslippene av klimagasser må reduseres, men i praksis må hensynet til klimaet vike for andre hensyn, […]

desember 17th, 2017

Den som tier samtykker

Kva kan gjerast for å handtera og hindra seksuell trakassering i arbeidslivet? Etter 3 månader med #MeToo-kampanje burde dette vera eit høgt prioritert […]

desember 11th, 2017

«Typisk mannfolk!»

Dei siste månadene har Marius og eg sete ganske mykje på golvet i lag med Magnus. Også ein heil del i […]

desember 4th, 2017

Queer migrants

What is it like being queer and of migrant background, living in Norway? My colleagues and I will search for […]