List

Tusenvis av kvinner og menn demonstrerte i går til støtte for abortlova, og for kvinners rett til sjølv å bestemma over kroppane våre og liva våre. Men for ordens skuld. Den paragrafen som er oppe til debatt i denne runden – abortlovens § 2 c  – handlar ikkje om kvinners rett til å bestemma sjølv, men på kva grunnlag ei kvinne kan få innvilga abort etter søknad (begjæring). Det er abortnemndene som tek avgjerda. Rett nok får dei aller fleste innvilga søknaden og kvinna sine eigne vurderingar skal vektleggjast. Men det er nemnda, ikkje den gravide kvinna si avgjerd, slik lovverket er i dag.

Når ei kvinne søkjer om svangerskapsavbrot etter veke 12, kan søknaden godkjennast av følgjande fem grunnar: Dersom svangerskapet fører til til «urimelig belastning for kvinnens fysiske eller psykiske helse», set ho i ein «vanskelig livssituasjon», dersom barnet «kan få alvorlig sykdom», dersom kvinna vart gravid som følgje av valdtekt eller incest eller dersom kvinna er «alvorlig sinnslidende eller psykisk utviklingshemmet».

KrF og Erna Solberg har opna for å fjerna alvorleg sjukdom som abortgrunn. Men Solberg insisterer samtidig på at dei som i dag får innvilga abort også skal få det i framtida. Men grunngjevinga må då vera at det fører til «urimelig belastning» eller set kvinna i ein «vanskeleg livssituasjon». Som Tilde Broch Østborg har peika på i ein kronikk i Morgenbladet: «Dersom de skal måtte søke nemnd under §2.3a/2.3b frykter jeg at de vil måtte gå en kanossagang og brette ut sin sosiale og psykiske situasjon eller hykle for nemnden om slike forhold».

Eg ser det føre meg: Mi framtid og mitt liv ligg i abortnemnda sine hender og eg må fortelja ei forteljing om meg sjølv og mitt liv som gjer det mogleg for nemnda å gje meg tilgang det eg ber om, i dette tilfellet abort. Eg må presentera mi fysiske og psykiske helse og livssituasjon på ein måte som gjer at svangerskapet og barnet kan kategoriserast som ei urimeleg belastning som vil setta meg i ein vanskeleg livssituasjon.

Situasjonen har nokre parallellar til møter i ei heilt annan nemnd, nemleg Utlendingsnemnda. Då eg skreiv masteroppgåva mi arbeidde eg med saker som gjeld utanlandske kvinner som er blitt utsette for vald i parforholdet. Hovudregelen er at dersom du ikkje har fått permanent opphald i Noreg, så blir du kasta ut av landet dersom du går frå ektefellen din. Men der er eit unntak: Dersom du blei mishandla av partnaren din får du bli. Problemet er at «mishandling i utlendingslovens forstand» er meir enn å bli utsett for vald. Valden må ha ført til redusert livskvalitet. Då eg arbeidde med dette i 2007, fann eg døme på at kvinner som blei vurderte som «ressurssterke» fekk avslag på søknaden. Dei greidde seg bra, hadde mykje å fara med og hadde dermed ikkje fått redusert livskvaliteten tilstrekkeleg til at valden dei hadde vore utsette for kvalifiserte til mishandling i utlendingslovens forstand.

Eg ser det føre meg: Mi framtid og mitt liv ligg i Utlendingsnemnda sine hender. Eg må fortelja ei forteljing om meg sjølv som gjer at dei trur på at eg har blitt utsett for psykisk og fysisk vald, slik at det er mogleg for dei å gje meg det eg ber om, nemleg å få bli i Noreg. Eg må presentera mi fysiske og psykiske helse og min livssituasjon på ein måte som gjer at eg ikkje blir sett på som «ressurssterk», men som ei kvinne som er skadd og har fått redusert livskvaliteten av ein valdeleg partnar.

Kvifor insisterer me på å ha slike system som gjer at kvinner må framstilla seg sjølv som ressurssvake, psykisk ustabile og i ein vanskeleg livssituasjon for å få tilgang til viktige rettar og lov til å råda over eigne liv?

Illustrasjonsbilde: Meeting room at the Nokia office in Uxbridge, av K2 Space, CC BY 2.0

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

januar 28th, 2019

Grande blir likestillingsminister og Ropstad sit igjen med pengesekken

Når likestillingspolitikken skal ut av departementet, sit Kjell Ingolf Ropstad igjen med heile pengesekken. Det er dei 30 milliardane – […]

januar 27th, 2019

To år

Om nokre få timar er det nøyaktig 2 år sidan Magnus vart fødd. Hurra for han, og gratulerer så mykje […]

januar 17th, 2019

Mot normalt

Eg har hatt stor glede av bøkene som Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof har gjeve ut i Samlaget […]

januar 10th, 2019

Go green, Norlandia!

Tidlegare denne veka skreiv eg om klimapolitikk nedanfrå, som ein metode for å kvitta seg med den pasifiserande klimaangsten og […]

januar 7th, 2019

Klimapolitikk nedanfrå

2018 var året då klimaangsten tok meg fullstendig. Ein lengre periode med over 30 grader i Bodø i sommar var […]

desember 17th, 2018

Parkeringsplassar så langt auga kan sjå

Me bur på Mørkved, som er ein stor og tett befolka bydel i den veksande småbyen Bodø. Her står einebustadene […]

desember 6th, 2018

Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn i Norge

Lesbiske, homofile, bifile, transpersoner og interkjønnpersoner med innvandrerbakgrunn risikerer å bli utsatt for diskriminering på grunn av seksuell orientering og […]

november 28th, 2018

Sosial omsorg − fra blind flekk til sentralt innsatsområde i hjemmebasert eldreomsorg?

Sosial omsorg er en blind flekk i den hjemmebaserte eldreomsorgen, hevder Mai Camilla Munkejord, Walter Schönfelder og jeg i en […]

november 22nd, 2018

Nei, abortlova er ikkje diskriminerande

Abortlova er diskriminerande, har Erna Solberg påstått, som eit argument for å endra §2c. Påstanden har fått vind i segla […]

november 18th, 2018

Kvinner som møter i nemnder

Tusenvis av kvinner og menn demonstrerte i går til støtte for abortlova, og for kvinners rett til sjølv å bestemma […]