No reiser eg frå Steigen. Marius, Magnus og eg er på flyttefot og eit nytt kapittel byrjar i Bodø. Det er vemodig å reisa frå den vakraste staden på jorda. Men eg er utruleg glad for at eg for nesten tre år sidan to sats og hoppa ut i mitt nordnorske eventyr! Her kan du lesa den historia. Skal tru kva vending livet hadde teke utan den turen til Steigen i mai i 2014?
Eg har lyst til å retta ein stor takk til alle mine fine kollegar på KUN, og ikkje minst til Mari som tok sjansen på å tilsetta ein avhoppar frå byråkratiet i Oslo og dermed gav meg sjansen til å leva livet i Steigen.
Tusen takk til Kåre og Gabi som har lete oss låna det fine gammelhuset i Sjåvika dette året. Her har me hatt det veldig bra! Takk også til Elisabeth, Sigrid og Kåre som har gjort livet på tunet så fint.
Tusen takk til alle de fabelaktig fantastiske Steigværingar som eg har hatt glede av å bli kjend med i løp av desse åra. Eg er også takksam for å ha fått lov til å fjasa rund i den vakre naturen i kommunen. Det finst ikkje finare stad på jorda! Det skjøna eg allereie første gongen eg kom med båten inn mot Helnessund.
Dessutan skal Agnar, Kjersti og Edgar ha ei stor takk for at dei viste meg Steigen den helga eg var her for første gong. Fisketur, villsau og Skarbua – eit glimt av magiske Steigen – den helga gjorde at det lett å slå til på jobb på KUN når sjansen baud seg.
No står altså Bodø for tur. Marius og eg har kjøpt oss hus på Mørkved som skal vera ferdig hausten 2018. I mellomtida skal me bu i Steggveien 14, også på Mørkved. Eg har fått jobb på Nordlandsforskning og byrjar der 7. august.
Heldigvis er ikkje Bodø så langt unna Steigen. Og heldigvis har me mange gode vener her som me vil koma tilbake og besøka. Me kjem tilbake. På gjensyn Steigen, enn så lenge!
Foto: Karoline O. A. Pettersen (1 bilde, merka med fotografens navn) og Helga Eggebø (resten).
Gratulerer og lykke til i Bodø en trivelig by. Finn og jeg boddde der et år etter vi ble pensjonister. Pga av Finns barndomshjem som vi skulle selge. Hadde et år med fine turer i et fantastisk område. Er dere i Brønnøysund, så ta kontakt. Vi drar til Kålvåg på Hamarøya i august noen dager, med venner. Lykke til Helga i Bodø for deg og dine. Hilsen Bodil.