På måndag hadde Magnus og eg ein super ettermiddagsaktivitet: Me sykla til Fenes for å hausta av markens grøde. Berre ti minutts sykkeltur unna byggefeltet ligg Bodø Andelslandbruk som me er blitt medlemmar av.
På vegen syklar me forbi gravemaskinar, eit bringebærkratt, eit jorde med kyr og opp til fleire traktorar. Høgdepunktet er hestane som beiter på jordet like ved åkeren.
Kvar einaste veke sidan midten av juli har me fått ei hausteliste tilsendt på e-post, og så kan me henta vår del kva tid me vil den veka. Åkeren bugnar av så mykje forskjellig: salat, squash, sukkererter, poteter, gulrøter, friske urter, blomar, brokkoli, blomkål, bondebønner, bladbete, fennikel, raudbete – berre for å nemna noko av alt det som finst.
No utover hausten er det mykje kål: spisskål, grønkål, red russian, svartkål, kvitkål, raudkål og rosenkål. Grønnkål har som kjent vore hipt og kult i eit par år no, men frå gamalt av har dette faktisk vore ein mykje brukt grønnsak i Nord-Noreg, har eg blitt fortald. Grønnkålen kan du hausta til langt utover hausten og han tåler til og med frost.
Sesongens grønnsaker sett ei fin ramme for kva ein skal laga til middag. Kreativiteten blømer når der er nokre fastlagde ingrediensar som må brukast. Denne veka var det heilt opplagt fårikål på menyen ettersom årets lam var å få kjøpt i butikken og me nett hadde skore av eit fint kålhovud. Seinare i veka blir det wok med fennikel, gulrot, brokkoli, lauk, sukkererter og raudkål.
Det er dessutan ganske kjekt å visa ungen at maten veks i jorda og dessutan få god hjelp av 1-åringen til å putte poteter i bøtta. Medan eg sankar urter dreg han rundt på ei vannkanne eller traskar rundt mellom radene av grønnsaker medan han snakkar for seg sjølv. Til slutt må me sjølvsagt bort til hesten og servera ei sprukken gulrot eller spandera ei nypotet. “No må me gå heim. Du må seia hade til hesten”, seier eg. “Nei”, svarer ungen og ville nok helst stått der og mata hesten i timesvis.
Eg må vel innrømma at det ikkje berre er Steigen som er idyllisk.