Fortent familieinnvandring

Regulering av familieinnvandring til Noreg handlar ikkje om kultur, men om klasse, argumenterer Anne Staver i doktorgradsavhandlinga From right to earned privilege? der ho har samanlikna den politiske utviklinga i Noreg, Storbritannia og Danmark.

Utviklingastendensen er soleklår i alle dei tre landa: familieinnvandringspolitikken blir strengare og strengare:

  • I Danmark har dei 24-års aldersgrense for ekteskapsinnvandring, og eit krav om at ektefellene til saman må ha sterkast tilknytning til Danmark (gjerne målt i butid) for å få bu i lag der.
  • I Storbritannia har dei eit poengsystem som favoriserer dei med høg utdanning, språkkunnskap og pengar.
  • I Noreg har me først og fremst eit stadig høgare inntektskrav, som no er på omlag 250.000 kroner i året

Den danske familieinnvandringspolitikken har ei tydeleg etnisk slagside. Her er logikken at kvite danskar skal få ektefellane sine til landet. Danskar med foreldre som har innvandra frå andre land, med annan etnisitet og annan kultur, blir hindra i å få sine partnarar til Danmark.

I Noreg og Storbritannia er logikken ein annan. Her er det pengar som gjev privilegium, ikkje etnisitet. Inntektskravet rammar dei som tener for lite, uavhengig om dei er etnisk norske og norske statsborgarar eller ikkje.

Dei som tener gode pengar er sikra retten til familieliv, uansett kvar dei kjem ifrå. På denne måten ønskjer ein å tiltrekka seg den mest kvalifiserte arbeidskrafta, og halda dei andre, dei som kan koma til å bli ei bør for velferdsstaten, ute.

Staver argumenterer for at det å få ektefellen og sin til Noreg, har gått frå å vera ein menneskrett til å bli eit privilegium ein må gjera seg fortent til, i bokstaveleg forstand: Viss regjeringas forslag går gjennom må ein tena ein må tena 304.500 kroner i året.

Det er fleire som meiner at det politiske handlingsrommet til Stortinget blir mindre og mindre på grunn av internasjonale konvensjonar og menneskerettar. Slike prosessar har gjerne blitt kalla rettsleggjering.

Men Staver argumenterer for at nasjonale politikarar har stort handlingsrom når det gjeld familieinnvandringspolitikken. Menneskerettar som retten til familieliv og retten til å halda familien samla, er stort sett ikkje til hinder for at politikarane kan innføra dei  strenge reguleringane dei ønskjer seg.

Staver viser også at viss ein skal få til politiske endringar på dette feltet, så bør prosessen gå raskt. Jo lengre tid ei lovendring tek, jo større moglegheit har opposisjonen til å mobilisera.

Med lite eller ingen offentleg debatt, slik tilfellet er i Noreg når det gjeld inntektskravet, er det berre til å driva gjennom den eine endringa strengare enn den andre.

Kjelde: Staver, Anne 2014 From right to earned privilege? The development of stricter family immigration rules in Denmark, Norway and the United Kingdom. PhD thesis.

Illustrasjonsfoto: Money on a bed of cash av 401(K) 2012, tilgjengeleg under CC BY-SA 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility. Skip to content