Blir det netthets på bloggen?

Grov hets og sjikane på nett er blitt nokså vanleg. Mykje tyder på at kvinner som ytrer seg offentleg er særleg utsette for omfattande og grov hets. Så når eg førebels ikkje har fått nokre innspel på bloggen der ein eller anonym mannsperson kaller meg “hore”, “feministfitte som ikkje får pult” eller utbroderer kor stygg dei meiner eg er, så reknar eg med at det berre er fordi bloggen endå ikkje har ein særleg stor lesarskare. 

Eg prøver ikkje å seia at hets og drapstrugsmål er stas fordi det viser at du er eit kjend tryne. Som Martine Aurdal kommenterte i ein kronikk i Dagbladet: “Grove seksuelle tilbud kombinert med iltre hatmeldinger fikk telefonen min til å lyse jevnlig utover natta. Det var ikke stas, det var skremmende”.

Netthets er alvorleg; det er gjerne snakk om drapstrugsmål. Likevel er saka den at omgrepet “netthets” ofte gjev meg lyst til å le høgd og klaske meg på låret. Årsaken til denne kanskje litt malplasserte reaksjonen er at eg umiddelbart tenkjer på den glimrande kronikken Gunhild Dahlberg skreiv i Dagbladet i 2012: “Hei Jonas, din psyke faen”. Her skriv ho om kva ho kunne ha skrive i anonyme e-postar til kjende menn. Til dømes kunne ho ha skrive:

«Hei Jonas, din psyke satan. Reiser du så mye rundt du da, at du ikke får pult? Er det derfor du hater damer? Tenk deg godt om. Når var det du sist fikk deg skikkelig fitte? Skal vedde for at du ikke har fått fitte noen gang i hele ditt liv! Du er oftere på Dagsnytt 18 enn det du er hjemme i senga. Er det ikke din oppgave som mann å gjøre dama di fornøyd istedenfor «å redde verden»?

Dahlberg parodierer over den nokså einspora sjangeren netthets av kvinner. Det ser stort sett ut til å gå i puling, kritikk av utsjånde og seksualisert vald. Sjarmerande, ikkje sant? Når kvinner som Hadia Tadjik blir utsett for netthets, legg ein “muslim” til i repertoaret til sjangeren: “Muslimhore” er ein klassikar.

Det har vore ein god del offentleg merksemd knytt til dette med netthets generelt og netthets av kvinner spesielt. Det som er nokså fascinerande er at ingen har teke seg bryet med å undersøka saka systematisk. Då likestillingsutvalet, som eg satt i, i 2012 leverte rapporten Politikk for likestilling kunne me slå fast at det ikkje finst forskning om kor vanleg netthets er og hva form han tek. Medieoffentlegheita er sentral for ordskiftet og demokratiet; eg vil påstå at eit nokså skandaløst kunnskapshol er identifisert.

Det er ikkje usannsynleg at netthets er noko av grunnen til at kvinner tek mykje mindre plass i media og i den offentlege debatten enn menn. Sjølv om det sjøvsagt er mange fleire årsaker. Som til dømes at menn ikkje skriv om eller intervjuar kvinner, for å setta det på spissen. Her er nokre fakta:

  • 60 prosent av alle avisartiklar er av og om menn. 9-14 prosent av og om kvinner.
  • 81 prosent av personkjeldane i media er menn
  • Kvinnelege journalistar intervjuer fleir kvinner enn mannlege journalistar
  • Rundt 15 prosent av dei mest omtalte personane her i landet er kvinner
  • Når kvinner først er på TV er dei ikkje noko mindre sjølvhevdande og frekke i kjeften enn menn
  • Menn viser vanlegvis til personlege erfaringar, medan kvinner viser til eigen kompetanse.

Men sånn til slutt; sjølv dette med netthets er ei alvorleg sak, så tenkjer eg nokon gonger at det kunne vore forfriskande å motta ein eller annan sånn e-post sjølv (to, maks). Då skulle eg jammen hamra laus i beste Gunhild Dahlberg-stil, og skrive eit passe einspora, seksualisert og valdeleg svar.

Illustrasjonsfoto: Foto av konstruert melding, basert på reelle hatmeldingar publisert på nett.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content