Når språket blir passet ditt

Visste du at ein språktest kan avgjera om ein asylsøkjar får opphald eller avslag? Det skulle blitt mange interessante resultat dersom den halv-nordnorske knotinga til mange tilflytta Steigenværingar var einaste ID-papir.

Trass i at metoden for å avgjera opphavsland ved hjelp av språkanalyse er svært usikker, er dette vanleg praksis i utlendingsforvaltninga. Professor Monika Schmid kjem til UiO i morgon for å førelesa om dette.

Alle som søkjer opphald i Noreg må dokumentera identiteten sin. For nokon er problemet at dei ikkje har fått med seg ID-papir då dei flykta, eller at passet er teke frå dei på vegen. For andre er problemet at norske myndigheiter ikkje godtek passet deira som dokumentasjon. Dette opplever folk frå land der norske myndigheiter meiner at det er så mykje falske dokument at ein ikkje kan stola på eit einaste papir.

Det kan godt vera gode grunnar til ikkje å stola på enkelte ID-papir. Men spørsmålet er kva i alle dagar ein skal gjera då for å bevisa kven ein er? Dersom ein fortel ei konsistent og truverdig historie om kor ein kjem frå og korleis ein flykta, kan dette vera tilstrekkeleg for å sannsynleggjera identitet. Men ein kan like gjerne oppleva å ikkje bli trudd, også med passet i handa. Her kan ein språktest koma inn i biletet.

Metoden er blitt kritisert av både språkforskarar og juristar fordi den er svært usikker. Tenk deg ein person som kjem frå eit området med eit enormt språkleg mangfald, som kanskje har lærd ein tre-fire språk frå han eller ho var lita og har flytta rundt på forskjellige plassar. Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjøna at språket og dialekta ikkje nødvendigvis er heilt etter boka.

Språktest er ikkje den einaste tvilsame metoden brukt i utlendingsforvaltning i heile Europa. Ein annan variant er tanntest. Også den er kritisert. Dersom eit barn kjem åleine til Noreg er under 18, kan ein tanntest bli brukt som “bevis” på at personen er over 18 og ikkje å rekna som barn. Som einsleg mindreårig asylsøkjar utan omsorgspersonar i heimlandet blir ein ikkje send ut av Noreg før ein er 18. Er ein under, får ein altså bli for ei stund. Viss tanntesten seier det same som du sjølv.

Illustrasjonsfoto: Homeless Afghan Refugees av Zoriah, tilgjengeleg under CC BY-NC 2.0

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content