Sjølvplukk av gulrøter

Direkte frå distriktet

Kjære lesar! Eg lova deg ein og annan rapport frå livet i Steigen. La meg derfor introdusera første utgåve av mi faste bloggspalte “Direkte frå distriktet”. Om lag ein gong i månaden kjem byfrøkna med ei oppdatering frå kvardagslivet i denne vetle, vakre kommunen:

Det var fredag, det nærma seg slutten på arbeidsdagen og ikkje minst nærma det seg mi første helg i Steigen. Eg hadde ikkje særleg planar, utanom at eg ville vera ute. Kom det til å bli noko å finna på? Kom dette til å bli triveleg? Eller skulle det bli ei seig og einsam øving i å trivast i sitt eige selskap?

Klokka ett klang det eit høgfrekvent og karakteristisk pling i mobiltelefonen. “Hei, vil du koma på middag hos oss klokka fem?” stod det. Hurra! Melding frå naboen. Sjølvsagt ville eg det, kunne eg sporenstraks stadfesta. Deretter gjekk eg tidleg på jobb for å rekka ein padletur før middag.

Middagen var nydeleg. Sjølvdyrka potet, sjølvplukka sopp og dessert av heimelaga eplemost og tyrkisk yogurt, pynta med eit sjølvplukka økologisk bringebær frå Engeløya. Før eg kom meg heim var det lagt masse spennande planar for laurdagen. Eg kunne nøgd konstatera at denne helga såg ut til å bli over all forventning.

Laurdag morgon stilte eg opp i bil utføre huset til naboen. Vidar og eg hadde avtalt å ta ein tur i Brennvika for å plukka tare medan fjæra var på sitt lågaste den helga. Vidar hadde nemleg reklamert for tare som næringsmiddel.

På fjære sjø kunne me rusla over sandbankane og ut på nokre små øyer i vika. Her, langt nede på berget, veks taren “søl”. Denne er, i likskap med mykje anna tang og tare, etande. Spennande nytt tilskot til kosten! Her skulle det tørkast, steikast og prøvesmakast.

Etter strandturen rakk eg så vidt ein dusj før Maja plukka meg opp. Det var både auksjon og loppemarknad på Engeløya; og vi dit! Det blæs frå søraust og regna som berre det. Perfekt vêr for lopper, kaffi og lefsa, med andre ord. På loppisen trefte eg ein gamal bekjent frå Lundehaugen vidaregåande skule (er det mogleg!!). I tillegg fekk eg karra til meg ein liten søppeldunk til badet, noko eg ikkje hadde funne på coopen.

Medan me satt der og drakk kaffi vart me invitert innom på garden til Eva. Etter å ha nappa opp nokre titals kilo med gulrøter på sjølvplukk, køyrde me inn på eit praktfult gardstun. Her fekk me omvisning i den økologiske grønnsakshagen og høyra om Evas arbeid som kunstnar. Det går fint an å livnæra seg som kunstnar her, dersom nokon skulle vera i tvil.

Søndag var vêret så pass godt at eg hadde tenkt meg på Kråktind – tusenmeterstoppen som ligg rett bak huset. Men ettersom skydotten over fjellet vart liggande nokså stabilt, vart det heller kaffi i Skarbua, bærplukking i Skarbotn og piggsoppfangst i Brennvika.

Majas støvsugardrevne bærrensar toppa det heile; fullt av bær i frysaren, og det heilt utan den grusomme jobben det er å rensa bær. (I parantes merka må det seiast at den fantastiske søndagsturen hadde vore endå meir fantastisk om det var nokon å dela han med, men det faktumet kvalifiserer ikkje til #nydagnyenederlag, nett den dagen).

Det var siste nytt frå distriktet. Over til studio på Marienlyst…

1 thought on “Direkte frå distriktet”

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content