Den som har skal få

Den offentlege debatten om foreldrepermisjon har handla mest om fordeling av omsorg og lønnsarbeid mellom menn og kvinner. Men der er eit anna viktig fordelingsspørsmål som har fått langt mindre merksemd: Korleis fordeler me fellesskapets ressursar mellom foreldre med ulik tilknyting til arbeidsmarknaden?

Det kortfatta svaret på det spørsmålet er at me fordeler etter Matteusprinsippet: ”Den som har skal få”.

Dei av oss som har rett til foreldrepengar får full lønnskompensasjon for å vera heime med barnet i til saman 49 veker. Dersom årslønna di er på godt over ein halv million, får du i permisjonstida utbetalt månadsløner frå NAV som tilsvarer ei årsinntekts på opp til 555.456 kroner.

Maksutbetalinga frå NAV er sett til 6 gonger grunnbeløpet i folketryda (6G). Staten og mange andre verksemder har eit avtaleverk som gjev full lønnskompensasjon under foreldrepermisjon også til dei som tener meir enn 6G. Arbeidsgjevarane betalar mellomlegget.

Men for at ei mor skal ha rett til foreldrepengar frå NAV må ho ha vore i arbeid 6 av dei siste 10 månadane før fødselen (For fedrar er der langt fleire krav. Det er eit anna viktig likestillingspolitisk spørsmål som der ikkje er plass til å gå inn på i nett dette innlegget). Har du ikkje det, får du greia deg med eingongsstønad. I år er den på 46.000 kroner.

Differansen mellom dei som får mest og dei som får minst er ikkje ubetydeleg:

Maksutbetaling:                         555.456
Minimumsutbetaling:                – 46.000
Forskjell i utbetaling:            =   509.456

Dei som får mest får altså over ein halv million meir enn dei som for minst – for å gjera nøyaktig den same jobben – nemleg å vera heime og ta seg av sitt eige spedbarn.

Er dette ei rettferdig og rimeleg fordeling av samfunnet og fellesskapets ressursar? Dette var eit av dei likestillingspolitiske spørsmåla me vurderte då eg sat i Likestillingsutvalet mellom 2010 og 2012. Me kom fram til følgjande konklusjon:

”Det er etter utvalgets vurdering grunn til å stille spørsmål ved om nivået på dagens engangsstønad for kvinner uten rett til foreldrepenger er på et akseptabelt nivå, sammenlignet med det beløp som foreldre med opptjente rettigheter kan motta. Det kan være vanskelig å forsvare de store forskjellene i ytelser til foreldre med og uten ytelser, gitt at begge yter nødvendig omsorgsarbeid i barnets første leveår. Denne disproposjonaliteten bidrar til å forsterke sosiale skjevheter mellom familier etter mors tilknytning til arbeidsmarkedet. Unge enslige forsørgere og kvinner med minoritetsbakgrunn med svak tilknytning til arbeidslivet rammes særskilt”.

Greitt nok at foreldrepengeordninga er meint som lønnskompensasjon. Det får vera grenser for kor stor skilnad det skal vera mellom kva den eine og den andre skal få av fellesskapets ressursar for å gjera same jobben. Derfor føreslo Likestillingsutvalet å gjera heile eingongsstønaden om til ei månadleg utbetaling på 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (2G). I år ville det vore tilsvarande ei skattbar inntekt på 185.152 kroner i året.

Forslaget om ei minsteyting på 2G har ikkje blitt følgd opp verken av den sittande regjeringa eller den raudgrøne. Generasjonar av stortingspolitikarar har krangla så busta fyk om fedrekvote og kontantstønad, men eingongsstønaden har aldri vore ei høgt prioritert politisk kampsak for noko norsk parti.

Og medan maksutbetalinga for foreldrepengar aukar kvar einaste år i takt med at grunnbeløpet i folketrygda blir justert, står eingongsstønaden på staden kvil heilt fram til eit eller anna parti prioriterer å pressa fram ei auke i statsbudsjett.

Konsekvensen er eit markant klasseskilje mellom dei av oss som får og dei av oss som ikkje får nyta godt av den norske foreldrepengeordninga – som er verdskjent for å vera eineståande generøs og så bra for menn, kvinner, barn, fertiliteten, yrkesdeltakinga, likestillinga og what not.

Illustrasjonsbilde: Young Guy… av Lucas Hermann, CC BY-ND 2.0.

Les også:

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content