Tid er det som trengst

Å laga godt brød tek tid. Ein treng ikkje bruka så mykje tid på det samla sett, men prosessen må få gå sin gang. Sakte. 

Etter eit halvt års tid med surdeigsbrød og eit halvt års tid med eltefritt langheva brød med lite gjær, har Marius og eg vekt til live surdeigen og prøver oss på å kombinera dei to: langheva, eltefritt surdeigsbrød.

brod-2

Resultatet er (om eg skal seia det sjølv og det må ein jo gjerne) strålande. Makan til saftig, smakfullt, nydeleg, haldbart, godt for magen brød med knasande sprø skorpe.

Slik gjer du:

  • Surdeig
  • 7 dl vatn
  • 14,5 dl mjøl (mest finmalt kveite, men bland gjerne inn anna mjøl, som fint sammalt rug, sammalt kveite etc)
  • Salt

Dersom du ikkje har surdeig, og ikkje har ei Hanna som kjem på besøk og har med seg surdeig, kan du få ein bit av meg eller laga ein sjølv.

Bland ingrediensane i ein bolle og sett til heving. Gjerne småkjølig. Så let du deigen stå til han er blitt omlag dobbelt så stor og boblar godt.

Ha så litt mjøl på bakebenken og hell ut deigen. Bruk ei deigskrape til å bretta deigen saman nokre gonger. Tilsett gjerne meir mjøl i prosessen. Ha deigen tilbake i bollen (som du i mellomtida godt kan vaska og smøra med olje). Sett deigen tilbake til heving. Gjenta det heile minst ein gong til. Gjerne fleire.

Eg steikar brødet i leirgryte. Det funker også supert med jerngryte og heil ok med steikebrett eller brødform. Kva enn du har og syns fungerer. Eg gjer det på denne måten:

Varm opp leirgryta i lag med steikeovnen til 250-300 grader. I mellomtida let du loket stå fyllt med vatn. Ta deigen ut av bollen og brett nokre siste gonger og forma det til eit fint brød. Ta ut forma, ha brødet i og sett på loket som no har trekt til seg vatn.

Steik ein liten halvtime med lokk og ta det så av. Steik vidare i forma. Når brødet er nesten ferdig kan du ta det ut av forma og steika det endå litt. Kor lenge brødet skal steika kjem an på ovnen og korleis du vil ha det. Men minst ein time, er mi erfaring.

Ettersom det tek nokre dagar å baka brødet kan ein like godt byrja på eit nytt med det same. Surdeigen blir nesten meir som eit husdyr enn eit alminneleg brød. Har du hugsa å mata surdeigen, kjære? Gje han ein omgang på benken morgon og ettermiddag, så blir det verdas beste brød på bordet.

Brød laga på berre kveitemjøl får ekstra lange og store luftbobler og eit slags kontinentalt preg. Deig med ein god slump rugmjøl blir hakket surare og får litt mindre luftbobler, men ikkje mindre saftig av den grunn.

Uansett er trikset med tida og surdeigen at det frigjer meir næring frå kornet, mellom anna kalsium, jern og karbohydrat og proteiner me elles ikkje hadde greidd å fordøya.

Tid er bra for brødet. Men tid er også bra for sjela. Det er tid som trengst.

Foto: Helga Eggebø

Les også:

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content