Får asylbarna bli?

Venstre og KrF har inngått ein avtale med regjeringa om å finna ei løysing for dei mange hundre barna som har budd heile livet i Noreg, men har fått avslag på asylsøknad og skal sendast ut. Men denne “løysinga” hjelper berre eit fåtall av barna det gjeld og er djupt urettvis. 

Mange, mange bygdefolk i Noreg har opplevd at familiar og barn som er blitt ein del av deira lokalsamfunn plutseleg blir henta av politiet midt på natta og skal sendast ut til eit “heimland” som ungane aldri har vore i. Neda, Yalda og Nathan har blitt kjende namn. Men det er mange hundre andre barn i same situasjon.

Mange vil meina at det er urimeleg, meiningslaust og hjartelaust å kasta desse ungane ut av landet. Mange har gått i fakkeltog og arbeidd politisk for å finna ei løysing. På Stortinget har SV, Venstre og KrF kjempa for at dei som har vakse opp her og høyrer til her skal få bli.

Men avtalen som Venstre og Krf har gjort med regjeringa er dessverre først og fremst ein siger for dei som vil ha ein streng, men urettvis asylpolitikk.

Regjeringa har funne eit tilfeldig, merkeleg men nokså effektivt kriterium for å sørgja føre at svært få av dei det gjeld får opphald. Og sørgja for at ingen skal få opphald på same grunnlag i framtida, sjølv om det heilt sikkert kjem til å vera barn i same situasjon i åra som kjem.

For å få opphald etter dette nye regelverket må familien vera frå eit land som Noreg har returavtale med, og familien må ha søkt asyl før returavtalen trådte i kraft (I tillegg kjem ei heil rekke andre ilkår som eg ikkje skal gå inn på her). Viss du ikkje heilt skjøna logikken i dette, så er du ikkje den einaste. Utledningsdirektoratet har meldt at reglane er så  kompliserte og uforståelege at det er mest umogleg å informera folk om kva som gjeld. Og det går på rettstryggleiken laus.

Med god hjelp frå Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) har eg i alle fall skjøna såpass at statsborgarskap kombinert med søknadstidspunkt blir avgjerande for om du har ein sjans til å få bli. Dette liknar usakelg forskjellsbehandling på grunn av landbakgrunn, spør du meg.

NOAS illustrerer kvifor dei meiner det nye regelverket er djupt urettvist: “På grunn av kravet om at barnet må komme fra et hjemland med returavtale med Norge, vil en etiopisk gutt på 3 ½ år falle innenfor engangsløsningen, mens en iransk jente på 16 år, med ni års botid og all skolegang i Norge, vil falle utenfor”.

Kvifor dette med returavtalen? Det gjev ikkje regjeringa noko grunngjeving for. Men det betyr i alle fall at mindre enn 170 av dei minst 750 ungane det gjeld vil få opphald. På toppen av det heile har regjeringa kutta støtta til rettshjelpstiltak for asylsøkjarar.

Kort oppsummert har me: Ei løysing som berre er ei løysing for nokon svært få. Eit regelverk som er uforståeleg og urettvist. Få moglegheiter til å få hjelp til å tolka reglane og senda inn krav om ny handsaming. Ser ut som om FrP har trekt det lengste strådet.

Illustrasjonsbilde: Smiling in Jerash av Omar Chatriwala, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content