List

Tenk, her eg bur går det an å dra på hyttetur midt i veka , utan å korkje avspasera eller ta ut ferie! Skarbua, som eg eig ein del i, ligg på fjellet like bak huset.

Rett før eg skulle til å gå frå jobb i går fekk eg ein idé. Eg har lenge vore lei av at gatelyktene rett utføre huset øydelegg sånn for nordlys og stjerner; kvifor ikkje berre ta turen opp i Skarbua og overnatte der?

IMG_5274

Eller kanskje i morgon, tenkte eg så. Då var det meldt endå finare vêr. På den andre sida, kvifor utsetta til i morgon det eg har lyst til å gjera i dag? Innan fire var sekken pakka med middag, sovepose, litt klede, kaffi og nokre havregryn til frukosten.

Turen opp i Skarbotn med sekk tar omlag ein time, inkludert skravlepause med dei eg trefte som var på veg ned. Haustsola skein i ein låg vinkel inn mot fjellsida. Trea var stort sett nakne etter at dei første hauststormane allereie har vore her og rydda opp.

IMG_5430

Skarbua er ei lita bu bygd på dugnad mellom fjella. Dassen er praktbygget. Murt i stein og kledd med litt plank, inn  mot ein stein. Akkurat plass til både ræva og resten. I Skarbua er der madrasser, sengetøy, koppar og kar, rødspritapparat og ein god vedovn. Alt det ein treng her i verda.

Så snart eg hadde mjølkesyre i låra og var kome meg litt opp i høgda, var statsbudsjettet gløymt (og godt var det, for det statsbudsjettet er som kjent ikkje anna enn til å grine av). No var det berre eg, fjellet og snart ein fullmåne på veg opp.

Under den langvarige solnedgangen rusla eg rundt i fjellsida og plukka krøkebær. Dei syng på siste verset no dei bæra, men safta blir endå søtare no når dei har stått så lenge. Når solnedgangshowet var omtrent over var det inn for å laga middag.

IMG_5440

Kvelden blir ikkje veldig lang der oppe i mørkret. Eg greidde så vidt å halda meg vaken til fullmånen kom over kanten av fjellet rett før ni. Då var det, om ikkje akkurat ljost som dagen, lyst nok til at fjella kastar skugge.

Morgonen i dag tidleg var kanskje det beste av alt. Når ein har sovna i halv titida kan ein utan problem stå opp klokka halv seks, fyre i ovnen, koke kaffi og graut. Mmmm. Nokre gonger er lukka i livet å finna i ei skål med havregraut.

IMG_5441

Litt før sju tok eg turen ned frå hytta. Fullmånen stod på himmelen midt i mot meg; bleik no når det var i ferd med å lysne. Ikkje før ti på åtte var det slutt på magien, i det eg hoppa i dusjen før eg heiv meg i bilen og køyrde til jobb.

IMG_5443

One Response to “Kvardagshyttetur”

  1. Torbjørn

    Bildet av fullmånen kom mens eg var på vei til jobb. Da kikka eg opp over byåsen – og kva såg eg – den same månen. Og jamen var han like full her i Trondheim og.
    Torbjørn

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]