Forskar og aktivist

Kva er tilhøvet mellom forsking og handling? Når forskinga viser at noko må gjerast, er det då etisk forsvarleg å stilla seg nøytral til politiske avgjerder og tiltak? Eg er forskar 1 på Nordlandsforskning her i Bodø. Eg er også aktivist. Måndag 22. april sett Lytring dagsorden i Stormen med ein samtale om akkurat dette.

Før positivismekritikken på 1960-talet var objektivitet eit sjølvsagt prinsipp for forsking. Positivsmekritikarane viste at valet av studieobjekt, design, metode og teori har konsekvensar, og at tolkinga av data verken kan eller bør vera verdinøytral.

Forskingspolitikken krev i aukande grad at forskinga skal vera nyttig og bidra til å løysa samfunnsmessige problem, og då er «relevans» og forskingsformidling sentralt. Men formidling i offentlegheita er ein annan sjanger. Bodskapen skal vera kortfatta, tydeleg og engasjerande. Det er ikkje rom for detaljar, metode og nyansering. Å navigera i overgangen frå eit publikum til eit anna, er ikkje alltid enkelt. Det er fort gjort å trø feil. Det har eg sjølv erfart fleire gonger.

Den mest ubehagelege opplevinga var då Nordlandsforskning med meg som ansvarleg publiserte ein rapport om familieinnvandring og integrering. Ein journalist ville ha ein sak og ein tydeleg bodskap. Eg stilte opp.

Men då eg høyrde radiosendinga dagen etter skjøna eg at eg hadde gjort ein tabbe. Alle nyansar var klipt vekk. «På den eine sida og på den andre sida» var borte. Det som stod igjen var bodskapen «regulering av familieinnvandring er til hinder for integrering».

Fleire frivillige organisasjonar var glade for at ein forskar stadfesta det som også var deira erfaringar i møte med fortvila splitta familiar. Men andre aktørar meinte at det ikkje kunne vera heile sanninga. Noko det heller ikkje var ut frå den forskingslitteraturen eg hadde gått gjennom.

Eg svarte at rapporten er basert på grundige analysar av ein omfattande forskingslitteratur som kastar lys over problemstillinga frå ulike perspektiv. Men eg var einig i at det var noko å utsetja på formidlinga. Eg prøvde å retta opp, men inntrykket stod seg.

Det finst fleire legitime posisjonar å ta som forskar når det gjeld tilhøvet mellom forsking, formidling og politikk. Nokre held seg til å formidla forsking i form av vitskapelege publikasjonar og deltek ikkje i den offentlege samtalen. Kanskje kjenner dei seg utrygge på formidlarrolla. Andre har opplevd trugslar og hets retta mot seg sjølv og familien når dei har uttalt seg om eit tema i ein polarisert offentleg debatt.

Dei av oss som forskar på klimautslepp og klimaendringar veit at krisa er akutt og at noko må gjerast. Når ein har denne kunnskapen, finst det då eit etisk forsvarleg alternativ til å ta stilling, ytra seg og delta i demokratiske prosessar og protestaksjonar?

Dei fleste av oss som jobbar i forskingsbransjen har fleire rollar. Sjølv er eg innbyggjar i Bodø, forelder og syklist, og med dei hattane på har eg skrive ei rekke kronikkar i AN om brøyting, bilisme og trafikksikkerheit. Dette er ikkje spørsmål eg forskar på, så her har eg signert med innbyggjar- og foreldrerolla. Det finst mange måtar å delta på, fleire måtar å sjonglera rollane.

Kor går grensa mellom kunnskapsdeling og meiningsytring, og kan aktivistiske forskarar bidra til polarisering og splitting i den offentlege debatten? Forsking som dokumenterer diskriminering, mangelfull eldreomsorg eller naturkrise bør få politiske konsekvensar. Skal dei av oss som forskar på desse viktige emna sitta stille i båten dersom ingenting blir gjort?

Teksten vart først publisert av Avisa Nordland 20. april 2024

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content