Meir kreativitet i forsking

Metodelitteraturen legg vekt på teknikkar, prosedyrar og systematikk i forsking. Men forsking er også kreativt arbeid. Forskingsdesign er ein kreativ prosess. Kvalitativ dataanalyse kan ikkje reduserast til teknikkar og prosedyrar. Det trengst ein god dose kreativitet. Utvikling av stringente teoridrivne hypotesar er også ein kreativ prosess.

Erving Goffmans berømte teoriar om dramaturgisk interaksjon, kor han samanliknar sosiale liv med teaterscena var neppe eit resultat av nitidig koding i Nvivo. Simone de Beauvoir sitt banebrytande filosofiske verk «Det annet kjønn» var neppe basert på fiksfaks handtering av store datamengdar.

Å skapa nye omgrep og teoriar å tenkja med, å rita opp samanhengar som ingen har sett før er ein kreativ prosess. Den klassiske sosiologiske teksten «Den sosiologiske fantasien» av C.W. Mills vektlegg nettopp det kreative aspektet ved forsking. Likevel er kreativitet undervurdert i forsking, og kreativitet og analytisk fantasi er ikkje eit nøkkeltema i metodelitteraturen.

Men sanninga er at kreativitet er ein nøkkelkvalifikasjon i jobben som forskar. Skriving og analyse krev rett nok også systematikk, orden, prosedyrar og struktur. Men det blir ikkje gode analysar eller bra tekst utan kreativitet. Dataprogramma kan hjelpa oss med å merka tekst, gruppera, kategorisera, søkja og gjera ymse køyringar på kryss og tvers. Men dei kan ikkje bidra med kreativitet. Her trengst det menneskekroppar, og gjerne fleire i lag.

Dei siste åra har eg utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse kor føremålet er å opna opp eit kreativt rom kor gruppa har tilgang til fleire perspektiv og meir analytisk fantasi enn dersom ein jobbar åleine. I kunstfaga er kreativitet ein meir sjølvsagt del av arbeidsprosessane, og dramafaget har mykje å bidra med når det gjeld å leggja til rette for kreative gruppeprosessar.

Med ståstad i dramafaget har Chris Johnston vist kor viktig prosessleiinga er for gruppeprosessen. For at gruppa skal fungera, er det viktig med tryggheit og tillit. Prosessleiaren har ansvar for å etablera køyrereglar, disponera tida og sørgja føre at ein oppnår målsetningane med prosessen. Klåre rammer og instruksar står ikkje i motsetnad til spontanitet og fridom; vaksne treng struktur for å kanalisera kreativitet. Me kjenner oss tryggare og friare når me veit kor grensene går; då kan folk fritt koma med idear utan å sensurera seg sjølv, og motsetnader bli produktive.

Eg og Anne har nettopp skrive ein  ny artikkel om kollektiv kvalitativ analyse og kreativitet, og i den eksisterande litteraturen blir nettopp meir kreativitet framheva som ein fordelar med å jobba i grupper. Gruppearbeid er sjølvsagt inga garanti for kreative og originale analysar, men dersom ein får til gode gruppeprosessar, kan idear dukka opp frå «ingen stader», og motsetnader i gruppa kan driva prosessen framover. Som Tone Maia Liodden sa det under ein workshop i kollektiv kvalitativ analyse: ein god idemyldringsprosess er som å spela ball med kvarandre.

Eg treng også kreativitet for å få tankane vekk frå jobben og over i ein annan modus. Ingenting får hovudet meir effektivt vekk frå jobbgrubling enn oljemaling! Eg treng kreativitet i møte med ungane, for å mala, teikna og skriva i lag med dei og ikkje minst treng eg kreativitet og spontanitet for å møta kjensler dei i kvardagen. Kreativitet til å respondera, ikkje berre reagera med sinne, irritasjon eller kva det no enn er som boblar opp. Eg treng kreativitet for å leva. Eg vil skriva, mala, spela, dansa, syngja og utfalda meg gjennom ting eg ikkje kan, ikkje er god til, berre fordi det gjer godt. Forsking også, for all del, men også i jobben vil eg næra kreativiteten.

Foto: Marta Anna Løvberg

Kjelder:

  • Mills, C. Wright. 1967. The sociological imagination. London: Oxford University Press.
  • Johnston, Chris. 1998. House of games: making theatre from everyday life. New York: Routledge.
  • Eggebø, H. and A. B. Staver (2024). “Kollektiv analyse av innvandringspolitikk: Feministiske forskingsmetodar i praksis.” Tidsskrift for kjønnsforskning 48(1): 37-51.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content