Min akademiske sutteklut

På fredag fekk eg ei fagfellevurdering som traff meg på ein stad eg veit det gjer vondt. Stikkordet “normativt” sende meg tilbake til mastereksamen og nokre andre ubehagelege erfaringar.

Det er ikkje første gongen eg får høg puls når eg ser at ei avgjerd frå tidsskriftet, som eg har venta på, er kome inn i innboksen. Det er ikkje første gongen eg tilbakemeldinga får meg til å føla meg liten.

Eg visste kva eg skulle gjera: Først handtera kjensler, og så handtera tekst seinare. Derfor gjekk eg heim den fredagen for å kjenna etter. Eg var åleine og hadde ingen avtalar, så eg hadde tid til det. Eg kjende grundig etter og nøsta i kvifor dette gjorde vondt, når blankt avslag frå desken som eg nett hadde fått frå eit anna tidsskrift ikkje gjorde vondt i det heile.

På fredagskvelden måtte eg fram med min akademiske sutteklut. Sjekka antalet siteringar av artikkelen Kollektiv kvalitativ analyse som eg publiserte i 2020. Passa fint at talet var 100 på fredag. Berre to av avhandlingsartiklane min er sitert meir denn dette, og dei er publisert på engelsk i topptidsskrift for 11 og 14 år sidan.

100 siteringar. Noko nyttig og bra har eg i alle fall produsert dei siste åra. Sutte, sutte, sutte. Meir tilfredsstillande enn å trøystespisa sjokolade, sjølv om det eine ikkje på nokon måte utelukka det andre. Kanskje på høgde med roa ungen finn med suttekluten Pink i handa?

Denne veka var eg klar for å handtera tekst. Dei to fagfellevurderingane på til samen tre og ei halv side inneheldt ein god del ros, ein dose kritikk og mange konkrete og fornuftige forslag.

Eg trur ikkje det blir veldig vanskeleg å skriva ein revidert og betre tekst innan fristen. Men det gjeld å ta ting i tur og orden:

  • Kjenna etter kor det gjer vondt
  • Trøyst
  • Gjera jobben

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content