Fra vondt til verre

KrF og Venstre har blitt samde med regjeringa om nye innstrammingar i innvandringspolitikken. Medan me debatterer asylbarn og 10.000 overføringsflyktningar, blir omfattande lovendringar sendt på høyring utan at det har ført til særleg offentleg debatt. Eg har skrive innlegg i BT om konsekvensane dette har for ekteskapsinnvandrarar.

Jamfør dagens regelverk må alle innvandrarar søkja om fornya opphald kvart einaste år fram til dei har fått permanent løyve. Det kan ein søkja om etter 3 år. Regjeringa har no føreslått at det skal bli 5 år. Viss det blir vedteke må folk venta lengre for å få tilgang til viktige rettar, som til dømes stemmerett ved lokalval.

For ekteskapsinnvandrarar betyr ventetida, eller «butidskravet», at ein blir kasta ut av landet viss ekteskapet tek slutt. Dette skaper ein sterk maktubalanse mellom ektefellene, ettersom opphaldsløyvet til den utanlandske partneren avhenger av ekteskapet.

Ansvarlege politikarar er godt kjende med dei alvorlege konsekvensane butidskravet har for valdsutsette ekteskapsinnvandrarar. Alt for mange opplever at den norske ektefellen utnyttar avhengigheita og utøver kontroll og vold. På grunn av trugsmålet om å bli kasta ut av landet, vil mange kjenna seg tvungne til å bli i eit valdeleg forhold.

Det er over 30 år sidan kvinnerørsla sette fokus på situasjonen til valdsutsette utanlandske kvinner. På grunn av politisk mobilisering har ein fått på plass ein unntaksregel i utlendingslova som seier at dei som blir utsette for mishandling har rett til å bli i Noreg sjølv om dei forlét ektefellen.

Men som også Jussformidlingen peikar på i eit innlegg i BT, er det fleire problem med denne unntaksregelen. For det første vil dei fleste av dei det gjeld vera ukjende med regelen. For det andre viser statistikken at halvparten av alle som søkte dei siste fem åra har fått avslag. Derfor ber Justis- og beredskapsdepartementet ber om forslag til «avbøtende tiltak».

Det er fleire ting som kan gjerast for å betra situasjonen: For det første må dei det gjeld få informasjon om kva rettar dei har, og den informasjonen får dei garantert ikkje av valdelege ektefeller. Utlendingsdirektoratet og introduksjonsordninga må gje slik informasjon. Dessutan trengst det midlar til rettshjelp, kompetanseheving i hjelpeapparatet og bistandsadvokat.

Vidare må ein senka terskelen for kva som blir rekna som mishandling. Det går fram av rettspraksis at det skal mykje til for at vald og kontroll blir rekna som «mishandling i utlendingslovas forstand». I staden blir valden karakterisert som ein «enkeltståande episode», eller «generell misnøye». Dette er den klart vanlegaste avslagsgrunnen.

Avbøtande tiltak er viktig. Men det endrar ikkje den grunnleggande maktubalansen og avhengigheita som regelverket knesett. Juridisk avhengigheit for ekteskapsinnvandrarar står i sterk kontrast til dei normene for fridom og likestilling som ligg til grunn for ekteskapslova og som råder i samfunnet elles.

I lys av regjeringas politiske målsettingar om å auka innsatsen mot vald i nære relasjonar, er butidskravet problematisk. Eit anna omsyn er integrering og økonomisk sjølvstende. Nyare kanadisk forsking viser nemleg at avhengig oppholdsstatus har ein negativ effekt på ekteskapsinnvandrarars evne til å skaffa seg arbeid og inntekt. Eit anna problem er at ekteskapsinnvandrarar og deira ektefeller i praksis ikkje har moglegheit til å pendla til jobb eller skule, fordi det blir rekna som samlivsbrot. Reguleringar som svekker moglegheitene til å delta i arbeidsmarknaden og forsørgja seg sjølv er uheldig både ut i frå omsynet til likestilling, integrering og økonomisk berekraft.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content