Hat mot personar med nedsett funksjonsevne

Dei av oss som lever med nedsett funksjonsevne er svært utsette for krenkande ytringar og hat. Det viser nye tal frå Nordlandsforsnking.

  • 41 prosent har hatt ein eller fleire ubehagelege opplevingar
  • 36 prosent har opplevd ein eller fleire krenkande ytringar
  • 32 prosent har opplevd ein eller fleire formar for hatyringar

Nesten 1000 medlemmar av interesseorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne har svard på den landsomfattande spørreundersøkinga. I tillegg har 100 personar med utviklingshemming svart på ein lettlestversjon av undersøkinga.

Dei mest vanlege formene for ubehagelege opplevingar er:

  • “Noen skrev eller sa stygge ting til meg eller om meg”
  • “Noen stirret på meg eller lo av meg”
  • “Trakasserende ytringer om deg eller funkjsonsnedsettelse”
  • “Ytringer om at du er hjelpeløs og svak”.

Det er først og fremst i det offentlege rommet at ein opplever krenkingar og hat, som på kollektivtransport, utestader, parkar eller butikkar. Det er desstan først og fremst vaksne som krenker – ikkje barn og unge. Problemet kan altså ikkje reduserast til mobbing blant barn og unge i skulen.

Ein fjerdedel av dei utsette opplever ubehagelege opplevingar, krenkingar og hat på skulen, jobben eller dagsenteret. Det vil seia at mange tilbringer store delar av dagen sin i lag med personar som krenkar.

Konsekvensane av krenkingar og hat er alvorlege. Rundt halvparten opplever dårlegare sjølvkjensle, at dei blir triste og at livskvaliteten generelt blir redusert. Ein tredjedel opplever dårlegare helse. Det er også mange som rapporterer om svært alvorlege konsekvensar for deira daglegliv – at dei held seg meir heime, let vera å treffa venner, ta kollektivtransport, gå på skulen eller jobben. Heile 32 prosent seier at dei let vera å delta i offentleg debatt på grunn av krenkingar og hat.

Internasjonal forsking på såkalla «disabilist hate crime», det vil seia hatkriminalitet mot personar mot nedsett funksjonsevne, er i startgropa. Nokre britiske studie viser med all tydelegheit at personar med nedsett funksjonsevne er betydeleg meir utsette for vald og hat enn befolkninga elles. Også norsk levekårsforsking dokumenterer at dei av oss som har nedsett funksjonsevne er meir utsette for vald. Men norsk levekårsforsking har så langt ikkje teke føre seg verbale krenkingar, trakassering, negative haldningar og hatkriminalitet. Studia frå Nordlandsforskning er derfor å rekna som viktig nybrottsarbeid.

Det er naudsynt å forska på og dokumentera haldningane i befolkninga som gjer at så mange openbart føler seg kalla til å koma med krenkande og hatefulle ytringar mot personar med nedsett funksjonsevne. Når det gjeld haldningar til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt) har me gode undersøkingar som viser at haldningane har blitt mindre negative over tid, men at relativt mange – og då særleg menn – framleis har sterkt negative haldningar til lhbt-personar. Tilsvarande haldningsundersøkingar trengst også på dette feltet.

Les også:

Illustrasjonsbilde: Free Wheels Lionel testing his carbon wheel-chair, av marcovdz, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content