Klatring i Steigen

Fjellet på Nordskot er av liknande type superkvalitet-granitt som klatreparadiset Lofoten. Seint i sommar oppdaga eg at der allereie er utvikla eit lite klatrefelt!

Dette var openbart ikkje heilt ukjent for alle andre, men har ikkje stått noko om det på nett før no: Torbjørn Aas har stått i spissen for å utvikla feltet, og har no publisert ein liten klatreførar for området. Hurra!

11939475_10156222041575221_1144884461_o

Klatrefeltet ligg på Morøya (ikkje ei øy, så no worries, du treng ikkje båt). Det ligg i gåavstand frå hurtigbåtkaia på Norskot. Dersom du kjem køyrande frå andre stader i kommunen, så tek du av og parkerer ved steinbrotet som ligg på venstre sida av vegen rett før du kjem til tettstaden på Nordskot.

11900531_10156222041210221_1433160438_o

Derifrå følgjer du ein slags traktorveg opp mot haugen og så dukkar klatrefelta opp. Her er ein heil vegg med ein serie svært lette, men fine, bolta klatreruter. Denne veggen eigner seg derfor godt til kurs og for nybegynnarar. På mange klatrefelt er der svært få rute å velgja mellom når ein er nybegynnar, men her er det altså lagt ein del innsats i lågterskelrutene.

11899164_10156222041680221_1524232614_o

Torbjørn Aas skal utvikla feltet vidare. Det er mykje potensiale på Nordskot, både i fjellet og på klippene, så dette kan bli stort!

Det er dessutan oppretta ei Facebookside for eksisterande og kommande klatrarar i Steigen. Bli gjerne med!

Takk til Torbjørn Aas for ein kjempejobb på Nordskot!

Foto: Torbjørn Aas.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content