Ei hugsliste og ein fyllepenn ligg igjen på graset. Kringom veks krokusane.

Hugseliste om våren

Ungen treng nye joggesko.
Hugs det!
Vask buksene til barnehagen i morgon.
Hugs det!
Ikkje gløym å handla middag.
E-post med påminning til forskargruppa.
Hugs det!
Hugs dødlinja i neste veke.
Ikkje gløym klesvasken i maskinen,
men hugs å henga opp dei blaute kleda.
Hugs det!

Ikkje gløym å betala elektrikarrekninga,
og e-faktura for barnehageplassen.
Hugs det!
Ikkje gløym at nevøen har bursdag.
Flybillettar til ferien hastar.
Hugs det!
Hugs at søknaden som skal inn.
Hugs samarbeidserklæring
cv, budsjett, framdriftsplan
arbeidspakke, referansar, referansegruppe.
Ikkje gløym det!

Hugs 17. maiklede.
ikkje gløym tannlegetimen.
Hugs å melda inn sommar-SFO.
ikkje gløym planleggingsdagane
eller dødlinja for artikkelrevisjon.
Hugs timeføring, reiserekning,
prosjektregistrering, mappe i Sharepoint,
prosjektrapportering, Windowsoppdatering,
drivar for ny skrivar.
Hugs det!

Ikkje gløym fridagane i mai.
Inneklemte fredagar etterfølgd av
innleveringsfristar,
kjem som julekvelden på nokon og ein kvar.
Ikkje gløym å ta inn småplantane.
Det kan koma nattefrost i mai.
Hugs det!
Ikkje gløym å skifta dekk på bilen
og at det skal bakast til dugnad.
Hugs å førebu føredraget,
senda faktura, minna om fristen, lesa korrektur,
kvalitetssikra, stilla på møte, lesa teksten.
Hugs det!

Ikkje gløym å lukta på bjørkeknoppane,
høyra etter når havet brusar, tjelden skrik
og skjæra syng for deg frå ospa.
Legg merke til at rogneknoppane
har falda seg litt meir ut i dag.
Hugs det!
Sjå humla som dansar over
vårblomane.
Hugs det!
Ikkje gløym
at spirande marianøkleblom i skogen
er eit under.
Ikkje gløym at våren er her
akkurat no.
Hugs det!

Foto: Helga Eggebø

1 thought on “Hugseliste om våren”

  1. Takk for tung pust og påminnelse om at slik var det, og slik er det innimellom fremdeles. God maidager og friere pust !

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content