Udatert satire

“En humorist uten selvinnsikt vil alltid skylde på den politiske korrektheten som visstnok har hjemsøkt vårt land” skreiv Warsan Ismail i ein kronikken “Utdatert humor” som stod på trykk i Dagbaldet i november i fjor. Teksten var stila til Sanna Sarromaa, men er like aktuell som ein kommentar til Kjetil Rollnæs, Thomas Knarvik og co.

Ismail sitt argument er at nordmenn ikkje er redde for å le av såkalla rasevitsar. Det er ikkje slik at politisk korrektheit får oss til å knebla latteren. “Vi ler, men i 2015 forventer vi mer av rasevitsene vi presenteres for”, skriv Ismail og kjem med ei rekke døme på glimrande “svart humor”.

Thomas Knarvik kunne med hell spurd seg sjølv om problemet kanskje er kvaliteten på karikaturteikninga og satiren han meiner å koma med. Men i staden slår han sjølvtilfreds fast at “dessverre gikk tegningen dels over og dels under manges forstand“. Sjølv er han intet mindre enn sverddragar for ein truga ytringsfridom.

Det blir som regel dårleg stemning når nokon peikar på og kritiserer diskriminering – anten det er rasisme eller sexisme. Dei som forbeholder seg retten til å ytra seg rasistisk eller sexistisk utan å bli kritisert for det, kjem alltid med dei same skuldingane:

  1. Du kneblar ytringsfridomen med politisk korrektheit
  2. Du våger ikkje kalla ei spade for ei spade
  3. Du skjønar deg ikkje på kunst/humor/satire
  4. Du er sur, nærtagande og humørlaus (ei skikkeleg surtruse)

Filosofen Sarah Ahmed skriv glimrande det å vera “the killjoy” – gledesdreparen. Nokon må ta seg bryet med å vera gledesdreparen som ytrar seg kritisk om rasisme og sexisme og dermed skapar dårleg stemning. Alternativet til å vera ein gledesdrepar er å la rasisme og sexisme halda fram.

Det må vera lov å kalla ei spade for ei spade:

  • Knarvik har laga ein fullstendig utdatert karikaturteikning.
  • At nokon er “the killjoy” og kritiserer rasisme er IKKJE eit større problem i Noreg i dag enn rasisme.

Illustrasjonsbilde: Skjermdump fra aftenposten.no

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content