List

Flyktningsituasjonen må føra til innstrammingar og innsparingar. Det slår regjeringa fast, og det tek også opposisjonspartiet AP til orde for. Kva innstrammingar og kutt er det snakk om?

Me kan “ikke ha ordninger som er så gode at flere enn det som er naturlig velger Norge som mottaksland”, skriver regjeringa. “Vi må stramme inn innvandringsregelverket: Vi kan ikke ta imot en uforholdsmessig stor andel, og vi kan ikke skape et inntrykk av at det er lettere å få opphold hos oss enn i andre europeiske land”, skriver APs Hadia Tajik. Ein kan undra seg over kor mange er “fleire enn naturleg” og kva er ein “uforholdsmessig stor del”. Men nok om det i denne omgangen.

Eg har gått gjennom Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) Proposisjon til Stortinget, gjerne omtalt som tilleggsproposisjonen om innvandring. Her er ei oversikt over forslag til innstrammingar i regelverket og kutt i integreringstiltak og økonomisk stønad for flyktningar.

Færre skal få opphold:

  • Frå 3 til 5 års mellombels opphald før ein kan søkja om permanent.
  • Tryggingsbehovet skal revurderast kvar gong ein søkjer om fornya opphald, i 5 år
  • 24 års aldersgrense for ekteskapsinnvandring
  • Auka inntektskrav ved familiegjenforening
  • Inntektskrav familiegjenforening mellom anna for flyktningar som kan “utøve familielivet i et annet land enn Norge”
  • Nye ordningar med mellombels opphald utan moglegheit til permanent
  • Nye krav til integrering for å få permanent opphald (norsk og samfunnsopplæring 600 timar er allereie eit krav)
  • Fjerna regelen om at ein kan få opphald dersom ein har venta i meir enn 15 månader på behandling

Mindre til dei som får opphold:

  • Nesten halvering av budsjettet for opplæring for einslege mindreårige i omsorgssenter
  • Mellom 10 og 20 prosent kutt i stønad til personar som bur i mottak
  • Kutt i norskopplæring ved asylmottak
  • Reduserte satsar for drift av mottak
  • Kutt i trygderettar for flyktningar (td dagpenger, sykepenger, pleiepenger, omsorgspenger, arbeidsavklaringspenger og yrkesskadedekning)
  • Lågare sosialhjelpssatsar til innvandrarar
  • Butidskrav for kontantstønad
  • Lågare introduksjonsstønad fram til ein har bestått norskprøve
  • Dispensasjon frå krav om forsvarlig drift av omsorgsbustader for einslege mindreårige asylsøkjarar
  • Lågare bemanning ved omsorgssentra

Nokre av endringane er allereie under handsaming, medan andre skal greiast ut og eventuelt innførast på lengre sikt.

Illustrasjonsbilde: Chain-link fence av Billie, CC BY-NC-ND 2.0

3 Responses to “Innvandring: kutt og innstrammingar”

  1. Stine

    Ifht punktet “Nesten halvering av budsjettet for opplæring for einslege mindreårige i omsorgssenter” – det er bare de under 15 som bor på omsorgssenter. De er ordinært skolepliktige og skal gå i offentlig skole. Hvilket budsjett siktes det til?

  2. Sigrun Misund

    Hvis dere gjennomfører disse tiltakene gjør dere livet til asylsøkerne til et sant helvete! Og det for å trumfe gjennom et anti-innvandingssyn en ikke trodde våre folkevalgte vil kunne leve med. Dere er altså villige til å ofre/påføre asylanter et uverdig liv i nød, for å statuere et eksempel. Jeg skammer meg på deres og mitt lands vegne.
    Hørte dere ikke Kongens tale ?

  3. Helga Eggebø

    “Regjeringen foreslår som et kostnadsdempende tiltak å redusere satsen for opplæring av enslige mindreårige asylsøkere i omsorgssentre fra 180 102 kroner til 102 763 kroner. Satsen vil etter dette likevel være 20 000 kroner høyere enn satsen for grunnskoleopplæring i mottak. Retten til utdanning for denne gruppen vil fortsatt oppfylles på en tilfredsstillende måte. Reduksjonen medfører en innsparing på 35,5 mill. kroner. Det vises til omtale av endret bevilgningsforslag på kap. 225 Tiltak i grunnopplæringen, post 64 Tilskudd til barn og unge som søker opphold i Norge i kap. 4 Endringer i budsjettforslaget for 2016”. Kjelde:Tilleggspropen side 22

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]