Mitt nye land

”Kva land likar du best?” spurde min venn Simon på 5 år. ”Nordland”, svara eg kontant og med overtyding. Som ein kan venta av ein vaskeekte bergensar – Bergen er det landet Simon likar best. Men berre vent til eg får vist han Salten!

No er det litt over eit år sidan eg pakka bøker og turutstyr i bilen og køyrde frå Oslo til min nye heimstad, Steigen. Eg konstaterer at nyfrelstentusiasmen ikkje har gått over. Steigen er ein fabelaktig plass i ein fabelaktig del av landet. Frå Hamarøy, Steigen og Tysfjord i nord til Gildeskål og Saltdal i sør – i Salten har eg alt ein friluftsentusiast frå sør alltid har ønskt seg.

I Tysfjord ragar Noregs nasjonalfjell Stetind mørkt og mektig opp mot himmelen, eller inn i skydekket. I Hamarøy kan ein padla i sterke straumar, med eit yrande dyreliv på alle kantar, og beundra det markante Hamarøyskaftet inne på land. Namnet Beiarn får hjarta til å banka i brystet på ein ivrig skikøyrar. Tenk på den pudderdekte Leiråbreen på ein klårvêrsdag i mai!

Salten friluftsråd har gjeve ut eit fabelaktig fint kart som eg aldri blir lei av å sjå på. Her er så mange godbitar i vente! Klatring på Fugløya, vandra mellom Svartisens to delar eller sjå sjeldne orkidear i Junkerdalen. Det er berre å drøyma seg vekk.

Men til dagleg er det altså Steigen som gjeld. Nærare bestemt den vetle bygda Leines, kor Brennviksfjella tronar majestetisk bak oss, og kor kvite sandstrender og krystallgrønt vatn får den nordlege skjergården vår til å sjå ut som syden, på ein godvêrsdag. Kor den mest uambisiøse ettermiddagsturen kan by på dei mest fabelaktige naturopplevingane.

Den vakre naturen er rundt oss kvar einaste dag, men før ein veit ordet av det kan den vesle kommunen vår by på flotte kulturopplevingar. Til dømes er Skjelstad kunst og kulturgård min næraste nabo, og her er det frå tid til annan stinn brakke når nasjonale og internasjonale artistar står på podiet.

Årets kulturoppleving var likevel Halvdan Sivertsen, Bodøs store son, på Keiservarden. I kva anna landsdel får ein 5000 menneske opp på eit fjell for å vera på konsert i regn, skodde og null sikt? 10.000 tommel(tottar)opp! Stilongs med strækk og kjempestemning!

Kortreist kvalitetsmat er ein annan grunn til å elska min nye heimstad. Sjølv om grønsaksdisken på Coopen er begredelig samanlikna med bugnande importbutikkar på austkanten i Oslo, har eg aldri ete så godt som etter at eg flytta nordover. Tilgangen på kvalitetsmat frå havet, fjellet og gardane her eg bur, kompenserer glatt for at der ikkje er okra, pasjonsfrukt og steikebananer i butikken.

Kortreist arktisk mat har dessutan eit stort uutnytta potensial. Landhandelen i Skutvik har openbart skjøna dette, og seljer lokalprodusert lam som varmt kveitebrød, i staden for å la dei store matvaregrossistane styra showet. Eg venter berre på at Coopen på Leines også skal skjøna det, slik at eg kan nyta nybakt brød med kjellarlagra ost frå Kjerringøy gård heller enn masseprodusert og smaklaus Jarlsberg.

Men sjølv med den vakraste naturen, dei flottaste konsertane og den beste maten, ville eg ikkje vore her på mitt andre år om det ikkje hadde vore for folka. Eg flytta hit åleine, utan å kjenna ei sjel, og var derfor budd på å vera ein del åleine og leggja ein del innsats i å få meg eit nettverk. Steigenværingar er heldigvis inkluderande folk. ”Kæm e du?” spurde folk og ønskte meg velkommen.

Den siste tida har eg vore på ein heil liten serie med arrangement som bygdefolket har laga i stand for å ønska nye innbyggarar velkommen: Fadder-café i Brennvika, tilflyttarcafé på Leines og ettermiddagscafé for gamle og nye Nordfoldværingar. Her var ungar over alt, spreke pensjonistar som står i spissen for det frivillige arbeidet, grendelaget og næringslivet, lokalpressa og ei rekke ulike nasjonalitetar representert. ”Kven er du?” spør eg og ønskjer nye tilflyttarar velkommen med ei soge om ein rogalending som flytta nordover.

Teksten vart først trykt i AN 5. november 2015.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content